Blålappen

Det er ikkje ofte at sluttkontraktar endar med to kryss bak seg, altså redobla. Når det skjer, og det blir heimgang, får ein gjerne sjå nokre scorar som ikkje dukkar opp så ofte. Dagens quiz: 1240, kva score er det?

Danmark gjorde imponerande figur i open klasse i EM, og tok til slutt eit sterkt sylv bak Noreg. Her ser vi det unge paret Daniel Tylvad–Nikolaj Hammelev i aksjon mot Israel:

Suit 1
E 7 6 3
Suit 2
E K D 5
Suit 3
E
Suit 4
K D 8 2
Suit 1
D kn 9 5 4 2
Suit 2
7 2
Suit 3
9 6 2
Suit 4
9 5
Symbol 10
Suit 1
8
Suit 2
10 9 4 3
Suit 3
K D kn 10 5
Suit 4
kn 6 4
Suit 1
K 10
Suit 2
kn 8 6
Suit 3
8 7 4 3
Suit 4
E 10 7 3
Vest
Nord
Øst
Syd
Sabbah
Tylvad
Sliwowicz
Hammelev
pass
pass
1 kl
1 ru
1 sp1)
pass
2 ru2)
pass
2 sp3)
dbl
rdbl
pass
pass
pass

1) Balansert hand utan major, cirka 6-9

2) Kunstig krav

3) Haldvisande?

Eg er ikkje hundre prosent sikker på tydinga av 2 spar, men ei naturleg melding var det openbert ikkje. At vest slengde på ei dobling, er det mogleg å ha ein viss sympati for, sjølv om dame, knekt i spissen ikkje er ein kombinasjon som gjer at ein naudsynlegvis vil ha spar ut i absolutt alle tilfelle. Med sekskorts ser ein likevel ikkje føre seg at motparten skal velja å spela med denne fargen som trumf, men det skjedde altså! Nord hadde jo synt ei sterk hand allereie, Hammelev forstod openbert at redoblinga var meint for «business», og sjølv hadde han ingenting å skjemmast av.

Trass i utriveleg trumsits stod 2 spar med eit overstikk, ikkje minst fordi småsparane i nord kunne brukast til å stela ruter. Resultat: 1240 og 11 danske IMP mot 3 grand med to overstikk på det andre bordet, eit godt bidrag i ein kamp Danmark vann med dei komfortable siffera 62–18.

Vel å merke kunne det faktisk ha vorte eit tapsspel, for fleire nord–sør par i salen kom seg i kløverslem. Denne vesle artikkelen kunne like gjerne ha handla om Bakke–Brogeland, som vann spelet ved å notere 1370 mot Skottland.

Brogeland opna 1 kløver i tredje hand, aust gjekk friskt inn med 2 ruter, pass, 3 ruter i vest, før Brogeland dobla for å vise styrke. No kom nøkkelmeldinga 4 ruter frå Bakke, som såg at handa hans utan bortkasta ruterverdiar og med to essensielle honnørar hadde vakse til himmels.

I utgangspunktet syner 4 ruter kan hende ei hand med båe major (svak, sidan ein ikkje dobla negativt på 2 ruter), men då Bakke tok ut Brogelands 4 hjarter i 5 kløver, måtte han ha synt ei god hand med kløverstøtte. Brogeland greidde dimed å lyfte til slem, trass i ein utfordrande start på meldingsforlaupet.

Sant å seia er heller ikkje storeslem i kløver så aller verst. Men med den skeive sparsitsen blir kommunikasjonen diverre akkurat for dårleg til at tretten stikk kan vinnast.

Av Erlend Skjetne