Mot denne standardutgangen byrjar vest med kløver fem, fjerde høgste. Det verkar naturleg å prøve tiaren i bordet i fall utspelet er frå dame, knekt, men aust stikk med dama. Korleis planlegg du spelet?
Du har sju toppstikk, og må odle to stikk til utan at motparten får teke for mange stikk i kløver. Det er sparen eller hjarteren som må tene som kjelde til stikka. I begge fargane har du sju kort, men det er ein vesentleg forskjell på dei. Inntakssituasjonen gjer at sparen naudsynlegvis må spelast i rekkjefylgja esset og så niaren opp mot kongen (som i alle høve er det normale). Dersom sparen no sit på ein måte som gjer at motparten har krav på to stikk, til dømes dame eller knekt, åtte fjerde i aust, finst det berre eitt stikk å godspela i spar, slik at du framleis berre er på åtte totalt. (Det at vest etter utspelet å døme fort kan ha fem kløver, aukar sjansen for at aust kan ha sparlengd bak blindemann.) I hjarter vil motparten alltid ha krav på minst to stikk, men om du får godspela to hjarter ved å gje bort to stikk, er du komen til ni totalt.
Det er altså hjarteren som er rett hest å satse på. Korleis spelar du fargen? Han ser jo tynn ut, men i realiteten er sjansen for å berge med to taparar god, og best om du byrjar med hjarter til esset og hjarter mot handa. Om aust no legg lågt, bør du leggje lågt frå handa òg, i fall vest byrja med ein dobbel honnør. Du vinn tre stikk med alle 3–3-sitsar og alle doble honnørar. (Aust kan sjølvsagt ha byrja med konge, dame fjerde og greie å leggje liten i andre runde, men det er ein mindre sjanse.)
Det du må gjera fyrst, er vel å merke å dukke kløver dame for å bryte motparten sitt samband i kløver. Skulle aust skifte ruter, legg du tiaren med same grunngjeving, og det påverkar eigentleg ikkje spelet i større grad. Men helst held vel aust fram i kløver, du stikk og spelar hjarter til esset og hjarter.
På dette viset vinn du kontrakten greitt, og det gjorde Agustin Madala for Argentina. På det andre bordet fekk italienske Giovanni Donati same utspel, og han greidde òg å dukke kløver dame. Men så spela han hjarter ti frå handa – feil, vil eg hevde – og kontrakten var dømd til beit, ettersom hjarteren no ikkje kunne godspelast utan å sleppe aust inn to gonger.
10 IMP til Argentina, som likevel skulle koma til å tape oppgjeret mot Italia 192–172. Det var spennande til det siste. I finalen tapte Italia mot Polen.
Av Erlend Skjetne
1) Minst fem spar