På båe bord vart kontrakten 6 ruter i sør etter lange meldingsforlaup utan innblanding frå motparten – bortsett frå at aust på det eine bordet dobla ei kunstig hjartermelding.
Christian Bakke vann kontrakten etter ein nesten uforståeleg motspelsfeil, medan newzealandske Michael Whibley gjekk den beita som det er heilt naturleg å gå i praksis. Speleføringane var i grunnen like: Båe sørspelarane eliminerte sparen, og spela deretter hjarter i håp om at ein motspelar ville koma inn og måtte spela frå kløver dame. Praktisk og grei bridge.
I teorien står 6 ruter same kva vest spelar ut. Det ligg i naturen til den samansette skvisen at han nettopp er teoretisk og særs sjeldan i praksis, fordi han gjerne fordrar ei veldig spesifikk kortfordeling og sjølvsagt òg ein speleførar med god fantasi og stort mot.
Ved ganske enkelt å ta sideessa og ein masse trumf, når sør fylgjande situasjon før den siste trumfen skal spelast:
Sør spelar no altså ruter sju.
Vest kan openbert ikkje kaste kløver. Det ser truskuldig ut å kaste ein hjarter, men då forsvinn også hjarteren frå bordet. Aust må kaste spar for å halde hjarteren i lag med den doble kløveren, som hindrar sør frå å rulle opp sorten ved å dra knekten. I neste stikk spelar sør hjarter til aust – og i dette stikket blir vest skvisa i kløver og spar!
Dersom vest i staden kastar spar på den siste ruteren, forsvinn igjen hjarter ti frå bordet. Aust kan ikkje kaste spar, for då står sparkvisten hjå blindemann, men idet han i staden kastar hjarter, kan vest spelast inn på hjarter sju, for å måtte avslutte frå kløver dame opp i kombinert saks!
Det finst altså ingen utveg for forsvaret. Ein sør som hadde funne denne varianten ved bordet, ville fort ha vunne prisen for årets spel – eventuelt vorte mistenkt for juks.
Av Erlend Skjetne