Du spør deg kanskje korleis dette kan vera ei speleprøve i lagkamp, for ved synet av blindemann kan du jo fyrst irritere deg over det som ser ut til å kunne vera ein brent slem. Men idet vest byrjar med hjarter knekt til esset i aust, og ruter fem kjem i skift, kva gjer du?
Ettersom alt anna er tett, er det to scenario du må velja mellom: Kan aust ha byrja med singel ruter, slik at det å sleppe ruteren vil påføre deg ei rask steling og beit? Ja, det kan han jo. Kan aust ha spela frå fire ruter, slik at vest er renons, og du går beit om du stikk med esset? Ja, definitivt. Så, kva gjer du?
Den tyrkiske sør stakk Boye Brogelands ruterretur med esset, og då vart det særs lang nase. Erik Berg på det andre bordet fekk akkurat same problem i akkurat same kontrakt etter akkurat same meldingsforlaup, og han tok kutten.
12 IMP til Noreg, som vann kampen mot Tyrkia 56–51 i IMP.
Av Erlend Skjetne
1) To stader å spela, altså kløver og ruter