Meldingsforlaupet kan kanskje vera verd å diskutere i alle makkerskap – kva må nord ha for å melde 2 spar i denne possen? Kvangraven forventa openbert trekortsstøtte.
Men no er du der du er, og vest byrjar motspelet med dei tre største hjarterane, den siste til steling hjå deg. Tankar vidare?
Spar dame tredje i kapp er den openberre sjansen din. Men etter den opplysande doblinga i vest, hadde ikkje Kvangraven tru på tre småe spar hjå han. Kva sjansar har du dersom aust har fire spar?
Vel, har han dama tynt fjerde, er du eigentleg sjanselaus. Då har han jo krav på eit trumfstikk sjølv om kutten på spar knekt går. Men om han også har tiaren, greier du deg om du i fyrste sparrunde går ned på spar ni.
Du må då koma deg inn i bordet to gonger. Det kan du eigentleg berre gjera i ruter, for om du spelar kløver fyrst, kan vest i teorien øydeleggje planen din ved å suse opp på esset (som han høgst truleg har for doblinga i sona) og smelle i veg ein fjerde hjarter til dobbeltrenons. Men det er sjølvsagt stor risiko også ved å prøve å gå inn i bordet i ruter to gonger, ettersom aust fort kan ha byrja med singel i den fargen.
Heile spelet:
Denne gongen hadde det gått bra å spela seg inn i bordet i ruter to gonger – vel å merke med to avblokkeringar frå sør, sidan ein etterpå må koma seg inn på nytt for å kaste kløver på ruter; ein er jo hakket unna trumfmatt og rekk difor ikkje å godspela eit kløverstikk om vest har ein fjerde hjarter.
Kvangraven satsa i staden på at Terje Aa i vest ikkje ville greie det svært vanskelege beitande motspelet, då han i fjerde stikk spela kløver. Ganske riktig la Aa liten, Kvangraven stakk med kongen i bordet og spela spar til niaren. Så gjekk ein høg ruter til bordet og ein ny spar til knekten, før ytterlegare to store spar vart tekne. Avslutningsvis kunne kløver knekt kastast på ruteren, og resultatet vart valdsame 650.
På det andre bordet spela Arild Rasmussen ein fredeleg 3 ruter med ti stikk.
Totalt sett ligg likevel lag Livgård på 3. plass etter halvspela seriemeisterskap, medan Johansen er på ein skummel 11. plass blant dei tolv laga.
Av Erlend Skjetne