Eg tillèt meg å setja spørjeteikn ved eit par av definisjonane her, i og med at Hoftaniska–Bakke tydelegvis heller ikkje var heilt innforståtte med alle detaljar. Eg heng med fram til 4 hjarter, men for meg høyrest dette ut som ei hand utan kontroll i minorane, og då forstår eg ikkje heilt kvifor Bakke går i Blackwood.
Mot 6 spar i nord spela Bogø hjarter ut, men kontrakten var likevel stein daud med den aktuelle kløversitsen, og i eit desperat forsøk på å vinne slemmen, gjekk Hoftaniska ei æresbeit, 200 ut. Dette måtte vel gje Bogø–Fasting ei god kjensle?
Her er meldingane ved det andre bordet:
Vest Nord Aust Sør
Helgemo Simonsen Grude Lund
– 1 kl 2 hj 2 sp
pass 3 sp pass 4 hj 1)
pass 4 sp pass 4 NT
pass 5 hj 2) pass 6 sp
pass pass dbl pass
pass pass
1) Kortfarge?
2) To ess utan trumf dame
Eg set eit spørjeteikn også ved definisjonen av 4 hjarter her, for eg reknar med at sidan Markus Lund melde det heller enn å vise kontroll i kløver, må det ha vore definert som kortfarge. (3 grand over 3 spar ville venteleg ha vist ein balansert sleminvitt.) Simonsen hadde eit opplagt avslag over 4 hjarter.
Men når Lund tydelegvis hadde tenkt å gå på mot slem jamvel om makker skulle uttrykkje misnøye med den single hjarteren, kva var då vitsen med å melde 4 hjarter? Ein lett løgnaktig 3 grand ville kanskje likevel ha vore ei betre melding. Nord kan då seia 4 hjarter, den manglande ruterkontrollen er avdekt og nord–sør stoggar i tide.
Mot 6 spar visste Tor Eivind Grude i aust at makker hadde utspelet, så han slengde på ei Lightner-dobling for å be om ein uvanleg sørv. Kløver ut var då opplagt for Geir Helgemo, og toaren var nok eit forsøk på å signalisere ein ruterverdi.
Grude kom altså inn i fyrste stikk, og ettersom speleførar no openbert har kløver ess, sannsynlegvis òg spar ess, og makker altså byrja med kløver to, var det ikkje så vanskeleg å returnere ruter. Dimed fekk Grude ei ny kløversteling, som saman med ruterstikka gav 800 på bok.
Dei to som henta to udobla sonebeiter i den daude sparslemmen, måtte altså finne seg i å notere 12 IMP ut på spelet. Nokre gonger er livet brutalt.
Av Erlend Skjetne
1) Spar
2) Kortfargeinvitt?
3) Kontrollmelding?
4) To ess utan trumf dame