Tankar? Vel, det er nok eit dumt spørsmål, for når ein får handa som ei oppgåve i ei spalte som denne, må vel det rette vera å gjera noko anna enn det «alle» gjer. Alle opnar 1 ruter, men det einaste alternativet som finst er 1 grand. 14 litt mediokre, med ein singel konge …? Vel, vel, det heiter seg at 1 grand er den beste sperremeldinga som finst, ein kan finte motparten ut av meldingsforlaupet, og blir ein sjølv speleførar, er ein singel konge alltids ein spennande verdi.
Slik såg spelet og resten av meldingsforlaupet ut:
14 mot 7, altså, og ein nokså elendig kontrakt, det skal seiast. Men det er aldri over før den feite dama syng, og denne gongen song ho definitivt på dansk.
Klukowski i vest valde nemleg å byrja med ein hjarter heller enn ein spar, for så vidt ikkje urimeleg. Dimed kom Bilde straks inn i bordet på hjarter dame, og derifrå spela han momentant kløver til … knekten! Åtte stikk var sikra, og med ruter ess framfor var ikkje det niande til å unngå. Stakkars Kalita i aust hadde vel i grunnen den beste handa kring bordet, men vart ein statist i spelet.
På det andre bordet vart kontrakten 2 spar i vest med heimgang, for ein fin dobbeltscore til Danmark. Ja, i heile open klasse var det ingen andre som var i nærleiken av korkje å melde eller vinne 3 grand nord–sør. Derimot plukka fire nord–sør-par bra med beit fordi aust–vest melde 3 grand…
Av Erlend Skjetne
1) Båe major