Tor Eivind Grude i vest byrja spelet med sin single spar til tiaren, knekten og kongen. Eirik Homme i sør spela no i praksis identisk med Thor Erik Hoftaniska på det andre bordet, då han byrja med trumf til dama og ny trumf. Tor Eivind Grude stakk og spela ein tredje trumf, og Homme prøvde seg med liten ruter mot knekten. Grude vann med kongen og la ned kløver ess, stole i sør, og situasjonen var som fylgjer:
Sør spela no spar åtte og la lågt i bordet. Vinn Helgemo med knekten, har sør to ruteravkast på sparen. Men Helgemo hadde nok eit rimeleg greitt bilete av sitsen på dette tidspunktet, og la glatt liten spar.
Dimed forsvann sparstikket til forsvaret, men dei fekk to stikk tilbake i ruter!
Éi beit i denne utgangen som er dødsdømd med rett motspel, gav 12 IMP til WBT Powersharks på veg mot NM-gullet. På det andre bordet vart situasjonen identisk, men aust greidde ikkje den avgjerande sparlasjen, og kontrakten fauk heim.
Av Erlend Skjetne