Ekstrastikket

Jan Emil Græsli frå Singsås har innrapportert eit spel frå ei fredagstevling i BK Missklikk, der bror hans, Bård Kåre, viste glimrande teknikk.
Suit 1
K D 10
Suit 2
D kn 4 2
Suit 3
10 8
Suit 4
E K D 7
Symbol 10
Suit 1
E 5 2
Suit 2
E 8 3
Suit 3
K D kn 4
Suit 4
6 5 2
Vest
Nord
Øst
Syd
H. Svendsen
J. E. Græsli
T. A. Nitter
B. K. Græsli
1 ru
pass
1 hj
pass
1 gr
pass
3 gr
pass
pass
pass

Vest byrjar motspelet med kløver ti til esset. I neste stikk fylgjer ruter ti, som står, og ny ruter som aust stikk med esset, for å halde fram med kløver knekt til kongen i bordet. Det er partevling, så det er vesentleg å få fatt i så mange stikk som mogleg. Korleis planlegg du spelet vidare?

Ti stikk har du i boks; det ellevte og/eller tolvte kan koma i hjarter og/eller kløver. Du får naturlegvis elleve enkle stikk ved å spela hjarter ess og hjarter mot dama, men då kan du aldri få tolv stikk. Du har slik sett ikkje noko å tapa på å ta hjarterfinessen.

Hjarter dame står. Kva blir ditt neste trekk? Eit heitt tips: Du har så mange stikk i boks og så store ressursar at det er på tide å tenkje på ein mogleg skvis.

Heile spelet såg slik ut:

Suit 1
K D 10
Suit 2
D kn 4 2
Suit 3
10 8
Suit 4
E K D 7
Suit 1
kn 9 3
Suit 2
10 9 7
Suit 3
7 6 2
Suit 4
10 9 8 3
Symbol 10
Suit 1
8 7 6 4
Suit 2
K 6 5
Suit 3
E 9 5 3
Suit 4
kn 4
Suit 1
E 5 2
Suit 2
E 8 3
Suit 3
K D kn 4
Suit 4
6 5 2

Det var godt av aust å ikkje dekkje hjarter dame (eg hadde ikkje venta anna av den rutinerte Trond Are Nitter). Men Græsli hadde ein medisin mot dette: Han rekna med at ei eventuell kløverlengd fanst i vest, og skal då ein skvis fungere, må hjarterhaldet overførast dit. Difor drog han hjarter knekt.

Denne måtte Nitter dekkje, men sidan vest tilfeldigvis hadde utstyrt seg med både tiaren og niaren i hjarter, var han no ferdig då stikka i spar og ruter fylgde. Hjarter åtte i sør vart av avgjerande tyding.

Tolv stikk gav ein pen partevlingsscore til Bård Kåre Græsli, som saman med bror sin forresten var med på å vinne si pulje i 2. divisjon i vinter. Brørne Græsli blir altså å sjå i eliteserien komande sesong.

Av Erlend Skjetne