Utviklinga i denne finalen var spesiell. Etter at det aller fyrste spelet gjekk ut, tapte lag De Botton høvesvis 10, 5, 8 og 8 IMP på dei fire neste spela, og låg dimed under med 31 IMP. Det fyrste settet tapte dei totalt 37–2. Dei tre neste setta vann dei, men aldri nok til at heile Knottenbelts forsprang vart teke att. Sluttresultatet: Tap med fattige 6 IMP.
I dette spelet, det andre i fyrste sesjon og det fyrste store tapsspelet, var det eigentleg systemet som felte nordmennene. På det andre bordet opna nederlandske Tim van de Paverd med 1 kløver, og høyrde 3 kløver som sperr frå makkeren. Då sa han 3 grand, og Espen Erichsen hadde eit naturleg sparutspel unna kongen. Speleførar vann fyrste stikk med esset og dunka ned kløver ess og kløver. Deretter måtte han få eit inntak i bordet på spar dame, og kontrakten var heime.
Spela i sør, med hjarter ut gjennom kongen og ytterlegare to rundar hjarter i fleisen, var det heile meir prekært. Om ein ser bort frå moglege motspelsfeil, var Geir Helgemo sin reelle sjanse at aust, som etter fordelingsutspelet å døme ikkje hadde den fjerde hjarteren, sat med båe dei svarte kongane – då ville også Helgemo få tid til å setja opp kløveren og koma inn på handa på spar dame. Men då vest etter kløver ess og kløver kom inn og kunne hente eit hjarterstikk, måtte det bli beit.
Ein må faktisk tenkje litt for å sjå korleis kontrakten teoretisk sett kan vinnast etter tre gonger hjarter ut. Speleførar må spela spar heller enn kløver. Sei at aust legg liten (det er irrelevant): Sør vinn med dama og spelar kløver dame. Vest kan openbert ikkje dekkje. Deretter fylgjer ruter ti; vest kan dekkje eller ikkje.
Tilsynelatande har sør framleis berre åtte stikk, men aust blir utsett for ei brutal audmjuking når kløver ess og ytterlegare to ruterstikk fylgjer: Til slutt kjem spar ess og spar, og aust kan rett nok ta to sparstikk, men til slutt må han gje sør eit kløverstikk.
Vi kan ikkje klandre Helgemo for at han ikkje fann denne kortføringa.
Av Erlend Skjetne