Fjern von

Tidlegare i denne spalta hadde vi med eit spel frå kampen mellom Danmark og Sveits i open klasse i EM, og her kjem eit frå same kamp som i grunnen liknar litt: Det er endå ei meldeprøve med særs fåe alternativ.
Symbol 10
Suit 1
8 4 2
Suit 2
E D 9 4 2
Suit 3
10 7
Suit 4
10 6 4
Vest
Nord
Øst
Syd
2 gr
pass
3 gr
?

Har du ein plan? Eg tør gisse på at du ynskjer å melde pass og er villig til å insistere på å få lov til det. Men med litt mildt press, til dømes ein pistol mot hovudet, kan du vurdere ei dobling?

Vel, det kan sjølvsagt vera rett å doble. Om ein har ei avtale om at det bed makker spela sin dårlegaste major ut, vil jo hjarterutspel normalt vera ein betre start på motspelet enn noko anna. Eit anna aspekt er at ei slik dobling innimellom set motparten fullstendig ut, dei kan bli nervøse og flykte frå ein 3 grand som eigentleg var is og brus.

Eit openbert argument imot dobling er at du slett ikkje veit om hjarter ut vil gje nokon nemneverdig effekt. Motparten kan godt ha feitt hjarterhald og/eller stikk i bøttevis i andre fargar. Står 3 grand akkurat, er ikkje doblinga så dyr, men byrjar ein snakke om dobla overstikk, kostar det litt meir. For ikkje å snakke om den potensielle kostnaden dersom ei redobling kjem på bordet.

Slik såg heile spelet ut:

Suit 1
E 10 5
Suit 2
kn 7 6
Suit 3
D 4 3 2
Suit 4
K 7 2
Suit 1
D kn 9 6 3
Suit 2
10 5
Suit 3
8 6 5
Suit 4
kn 8 5
Symbol 10
Suit 1
8 4 2
Suit 2
E D 9 4 2
Suit 3
10 7
Suit 4
10 6 4
Suit 1
K 7
Suit 2
K 8 3
Suit 3
E K kn 9
Suit 4
E D 9 3
Vest
Nord
Øst
Syd
Kalita
Bilde
Klukowski
Schaltz
2 gr
pass
3 gr
dbl
pass
pass
pass

Hjarter ti kom ut, som Klukowski ynskte. Han var inne på noko med doblinga si: No vart det berre elleve stikk, medan vest sitt naturlege sparutspel gjev sør eit tolvte stikk på sylvfat.

1150 til nord–sør, altså, og 10 IMP i ein kamp Danmark vann 56–36 i IMP. Det skulle jo ha kome ein blålapp her, og det er vel kanskje helst nord med sine 10 honnørpoeng mot ein 20–21-grand som må ordne med den saka (sjølv om han ikkje har eit skikkeleg hjarterhald). Men mange bruker det slik at redobling her uttrykkjer ei eller anna form for tvil om kor vidt det skal spelast 3 grand eller ikkje, og då kan ein jo ikkje godt redoble.

10 IMP er likevel ein grei gevinst på eit spel som gav maksimalt 1 IMP i utslag i alle andre kampar i open klasse i EM.

Av Erlend Skjetne