Nord greidde ikkje å gje seg under slem med fire asen mot ei revershand. Slemmen er ikkje den verste verda har sett: Med mindre sør får ein favør i ruter, vil alt normalt koma an på om hjarteren løyser seg.
Aktuelt hadde vest eit greitt utspel av kløver dame. Sør bad om esset i bordet, og aust la niaren for å syne svakheit. Sør spela straks hjarter ess og hjarter til knekten.
Vest vann med dama, og heldt naturleg nok fram med kløver knekt. Liten i bordet, og kva skal aust no leggje frå åttaren og firaren?
Eg trur svært mange kunne ha kome i skade for å gjera det aust gjorde, nemleg å kaste kløver åtte, høgste frå den attverande dobbeltonen. Ein har enno ikkje fått lagt fordeling i kløver, så dette må vel vera eit fint høve? Kva kan elles den stusslege kløver åtte ha for verdi?
Jo, aktuelt var det eit livsviktig kort for forsvaret. Etter kløver konge tek sør ein bråte med majorstikk, som gjer at vest får det sveitt. Han må halde ruteren, og difor kvitte seg med all den resterande kløveren sin. Det tyder at aust absolutt må ha ein kløver som er større enn femmaren i bordet.
Men det hadde han ikkje lenger. Sør var ingen fjøsnisse, han ana kva som hadde skjedd, og eksekverte no ein enkel skvis.
Vest vona til slutt at sør skulle vera sløv, og kasta all kløveren for å halde ruter. Men i ellevte stikk forsvann den siste vesle ruteren i bordet, og ruter ess og kløver fem tok dei to siste stikka. Slem i hus!
Av Erlend Skjetne