Som lesar er du ikkje så heldig at du får lov til å protestere på meldingsforlaupet. Men eg synest ikkje du har meldt urimeleg eller dårleg. Når det gjeld utspelet, skal du få lov til å seia di meining, men du får ikkje avgjera det heller.
Du sørvar ruter ess. Du er innom ein tanke om at det kan vera rett å spela liten ruter ut, fordi det kan vera fint å få makker inn i fyrste stikk for eit kløvergjennomspel. Men det er sjølvsagt dumt å gje bort fyrste stikk om motparten skulle ha ruter konge, og du veit ikkje kor vesentleg eit kløvergjennomspel er for motspelet.
Etter ruter ess ut får du sjå fylgjande blindemann:
Makker fylgjer med ruter tre og sør med seksaren. Kva no? Du gløttar litt ekstra på kløveren. Dersom sør har knekten, er kløver dame ofte rett skift, fordi det sikrar deg stikk på både esset og tiaren om aust kjem inn og får spela kløver igjennom.
Dersom de har endå eit ruterstikk å ta, er det ikkje så freistande å skifte kløver og risikere at ein ruter pilar på spar. Men ved nærare ettertanke er det ingen akutt fare for eit slikt scenario, for om kløver dame går til kongen i bordet, har ikkje sør noko raskt inntak på handa som gjev han høve til å ta sparfinessen. Men dersom aust faktisk har eit inntak for eit seinare kløvergjennomspel, må jo det nesten vera i ruter, og då kan vi like gjerne spela ruter i andre stikk og få kløverskift derifrå som vi legg tiaren på. Så dum at han ikkje greier å skifte kløver mot denne blindemannen, kan jo ikkje makker vera.
Sei at du spelar ny ruter. Aust stikk med dama, men sør stel. No kjem spar ti i bordet. Med mindre sør har tiaren tredje – noko som verkar usannsynleg – har du ingenting å tene på å dekkje, og du har tvert imot ein del å tape på det om tiaren er singel. Du legg altså lågt, og spar ti held stikket. I neste stikk deljar sør hjarter konge i bordet, som du stikk med esset, for så å …
Nei, vent: Du la vel inn ein liten tenkjepause også før du stakk med hjarter ess? Eller var du så oppteken av alt dette med minorane at du gløymde å tenkje over heilskapen i spelet?
Då vest stakk hjarter konge med esset, var det game over. Han prøvde seg no med kløver dame i skift, men speleførar bad om kongen og spela spar ess med kløveravkast og spar til mellomhøg steling. Ein hjarter gjekk til dama og ein ny spar til mellomhøg steling, som godspela fargen. Endeleg kunne bordet setjast inn på hjarter seks, og den godstolne sparkvisten vart eit andre kløveravkast. 590 på bok.
Kløver dame ut gjev inga beit i kontrakten, fordi speleførar då kan stikke med kongen, ta spar ess og segle spar dame med avkast av den single ruteren, slik at sambandet til kløvergjennomspelet blir brote. Det må liten ruter ut, eller kløver ess etterfylgd av liten ruter og kløver attende, for å beite kontrakten med makt.
Idet aust spelar ruter ess ut, står altså 4 hjarter. Men om aust skifter kløver dame i andre stikk og spelar optimalt motspel også vidare, må speleførar for å vinne kontrakten vera aktuell og dundre på med all hjarteren for å organisere ein skvis mot vest (det blir umogleg for vest å halde trekorts spar og ess, ti dobbel i kløver).
Men la oss heller sjå på det som faktisk skjedde. Sør gjorde ein feil då han ikkje stakk over spar ti med dama. Ved å spela hjarter konge frå handa prøvde han å han gardere seg mot ess, knekt tredje i vest, men det gjer han like godt ved å stikke over sparen, stela ein spar og så spela hjarter konge: No har han tempo til å få god sparen sjølv om vest lasjerer hjarter konge. Slik sør i praksis spela, skulle vest definitivt ha greidd å lasjere: Sør byrja med singel ruter og etter alt å døme òg singel spar, iallfall om ein stoler på aust sitt fordelingskast under tiaren, så 1–7–1–4-fordeling er sannsynleg.
Når hjarter konge står, har ikkje sør anna val enn å spela ny hjarter. Inne på hjarter ess skifter vest kløver dame. Bordet kjem inn, og det ligg berre eitt hjarterinntak der, som ikkje er nok til både å stela god og hente sparkvisten. Éi beit.
Av Erlend Skjetne
1) Sperr