Motparten har meldt alle fargane, og ingen av dei peikar seg ut som eit særleg hyggeleg alternativ for din del. Er utspelet då eit reint gjettverk? Vel, eit gamalt munnhell seier «gjennom bordets styrke». Meldingsforlaupet tyder på at nord kan ha fleire kløver enn hjarter, så i valet mellom dei sterke punkta hjå blindemann er nok hjarteren mest lovande for forsvaret. Om du no fell ned på hjarter ut, kva kort vel du?
Steinar Ekren sørva hjarter knekt!
Slik såg heile spelet ut:
Hjarter knekt var verkeleg eit kort som trefte speleførar midt i solar plexus. Bordet måtte nesten dekkje, men då Gunnar Ødegård i aust stakk med esset og skifte spar ni attende til knekten og esset, kunne Ekren halde fram med hjarter ni. Dimed var heile hjarterboka rulla opp for forsvaret, og kontrakten gjekk to beit. Merk at liten hjarter ut ikkje fungerer.
På det andre bordet vart kontrakten spela i nord, og enda med to overstikk.
Vestnes BK vann rundekampen 88–74, og er altså i skrivande stund klare for sjette og siste utslagsrunde, der dei møter Sunnfjord BK 2 Holen.
Av Erlend Skjetne
1) Kunstig krav
2) Obligatorisk