Godt meldt. Nord–sør hadde fåe eller ingen avtaler, men sunn fornuft førte fram. Ivar Berg oppvurderte 17-poengaren sin til ein 18–19-grand. Då han tok opp med 4 ruter over 3 grand, skjøna Bogø at 2 grand var tufta på ein sterk variant og ikkje ein vanleg 12–14-hand.
Vest byrja med spar ti. Bogø sleppte denne til dama og la ned ruter ess, noko som avslørte den ikkje uventa skeive sitsen der. Med jamnare trumfsits er slemmen svært lovande, sidan ein kan stele god hjarteren alle gonger den fargen sit 4–3, og har kløver ess framfor som tilleggssjanse dersom hjarteren sit skeivt. Men Bogø såg no at han ikkje hadde nokon trumf å bruke til å stela hjarter. Samstundes trudde han at vest hadde kløver ess på grunn av doblinga. Han tok difor tyren ved horna då han straks spela hjarter ti – og lét ho segle!
Vest vart sitjande att med svært lang nase, for med denne varianten stod ikkje berre kontrakten, det vart til og med overstikk, ettersom Bogø no ganske enkelt kunne trekkje trumfen i fem rundar, spela spar til bordet og forsyne seg med ytterlegare fire hjarterstikk.
Ei anna sak er naturlegvis at vest blir nådelaust skvisa dersom all trumfen og sparen blir trekt til botnen. Men det kan ende med at sør må dukke ein kløver for å felle singel ess i vest, og dette var som sagt ein sosial hyggebridge der den slags fort kunne ha vorte for vidløftig. Stilpoenga går i alle høve til Bogø.
Av Erlend Skjetne