Makkeren din har altså dobla opplysande. Kva blir di melding?
Du har jo ruter, men samstundes eit godt kløverhald, og om lag rett honnørstyrke for ein grandinvitt. På det andre bordet melde sør 2 grand, og der døydde det.
Helgemo ville ikkje la makker leggje opp ein døll pass på 2 grand. Han såg på den feite ruteren, som ofte gjev mange stikk, han visste at makker normalt dekkjer opp majorane, at vest ofte kan ha eit vanskeleg utspel og at det ofte er lett å spela når ein veit kor det meste av uteståande honnørpoeng er. Ikkje minst hugsa han at tydinga av dei harde soneutgangane i lagkampar knapt kan overdrivast – han sa 3 grand.
Slik såg spelet ut:
Kor god denne utgangen er, kan definitivt diskuterast. Han kan då også beitast med hjarter ut: Speleførar kan ikkje bruke kongen i bordet, for då har motspelet sett opp tre hjarterstikk i tillegg til minoressa, og legg han lågt, kan aust koma inn og skifte spar gjennom knekten, slik at forsvaret får sving på sparen før speleførar får sving på minorane.
Men vest hadde vel eit relativt normalt utspel av ein spar, og med grei sits både her og der var kontrakten fullstendig is og brus. Helgemo fekk eit overstikk, for 630 og 10 IMP til Heimdal BK 2.
Av Erlend Skjetne