Du har ein mogleg reservetrumf i kløver, men han kan bli vanskeleg å utnytte sidan bordet er utan sideinnkomstar. Sjølvsagt kan du få utteljing av kløveren om vest har utstyrt seg med både konge og knekt, men ved nærare ettersyn er du ikkje avhengig av så gunstig kløversits: Om du får stole alle dei tre hjarterane dine i bordet, er du ofte i hamn med berre kløver konge i kapp – ein spartapar og ein trumftapar toler du jo.
Sør spela altså normalt då han i andre stikk drog ein spar til esset, deretter hjarter til steling, spar til kongen og den siste hjarteren til steling. Bordet har no berre svarte kort att, og må naudsynlegvis fri seg med ein spar.
Veldig ofte vil jo han som opna i veike to ha den dårlegaste og/eller kortaste sparen, slik at vest kjem inn i dette stikket. Men det interessante skjer no at vest er fri i den tredje sparrunden, og kastar ein hjarter. Så spelar aust ein fjerde spar, som du nesten må trumfe høgt, for du har jo ikkje lyst til å gje vest eit billeg ruterstikk. Vest stikk over med ruter konge og skifter raskt til ein liten kløver. Situasjonen er som fylgjer, idet du skal leggje frå bordet:
Planen din heile vegen var å ta kløverfinesse på dama. Aust hadde jo mykje i spar, så sjansen for at finessen går, er styrka. Men kan denne finessen vera nok?
Aust byrja altså med fire spar i tillegg til seks hjarter – han har maks tre kort i minor. Dersom desse korta var éin kløver og to ruter, er du dødsdømd om du legg i kløver dame, for det neste kortet du må spela, er kløver ess, som aust stel.
Dersom aust derimot byrja med singel ruter og dobbel kløver, har vest gjort ein brølar ved å stela over ruter dame med kongen: Han kunne enkelt ha odla eit ekstra trumfstikk ved å kaste eit kort på ruter dame – om det så var konge, seks, fire, to han byrja med, blir seksaren fremja til stikk så lenge aust har så mykje som ein singel åttar å bidra med (ruter ni, sju og fem låg jo i bordet).
Heile spelet:
Sør bad, iallfall slik det såg ut i BBO-sendinga, lynraskt om kløver dame, for han hadde jo tidleg bestemt seg for å ta kløverfinessen. Kløver ess kunne aust stela, og kontrakten var beit.
Hadde sør teke ein liten pause, kunne han nok ha sett at den beste vinstsjansen på dette tidspunktet var konge, knekt i kapp i kløver. Slepper han kløveren til tiaren, er han heime.
Når dette er sagt, er det naturlegvis eit stort egg av vest å spela liten kløver attende: Hadde han tenkt seg om i ein ekstra augneblink, ville han ha sett at det opplagt er rett og fullstendig gratis å spela kløver knekt (eller konge), som tvingar sør til å stikke i bordet.
Kanskje kan det, frå sørs side, hevdast at den fyrst skisserte motspelsfeilen frå vest er like sannsynleg som den sistnemnde, altså at vest faktisk kunne ha funne på å stela over ruter dame frå firekorts like gjerne som å spela liten kløver frå konge, knekt fjerde, og at det dimed kan vera rett å leggje kløver dame.
På det andre bordet passa aust i opning, og kontrakten vart 3 grand med spar ut. Her er det alltid beit, men motspelet krølla seg, og soneutgangen fauk heim.
Av Erlend Skjetne
1) Veike 2