Hopp og sprett og tjo og hei

Praktiske meldingar kjem ein langt med i bridge. Atle Aas Yttereng har fortalt om eit spenstig meldingsforlaup og resultat i Heimdal bridgeklubb.
Suit 1
E 4
Suit 2
E K D 3
Suit 3
E 9 7
Suit 4
E 10 4 3
Suit 1
3
Suit 2
9 8 4 2
Suit 3
K D 6 3
Suit 4
D 8 5 2
Symbol 1
Suit 1
10 9 8 6 5
Suit 2
5
Suit 3
kn 10 2
Suit 4
K 9 7 6
Suit 1
K D kn 7 2
Suit 2
kn 10 7 6
Suit 3
8 5 4
Suit 4
kn
Vest
Nord
Øst
Syd
Strand
Aas Yttereng
2 ru1)
pass
4 hj2)
pass
7 hj
pass
pass
pass

1) Ein sekskorts major, 5-10 hp, eller ein balansert 20-21 -grand

2) For preferanse

Svært effektivt gjennomført! Sør meinte altså å sperre mot makkers svake majorhand – rett nok vel vitande om at 2 ruter kunne innehalde ein balansert 20–21-grand.

Bjørn Strand i nord visste no at sør måtte ha ein del i major. Det var friskt å hoppe rett i 7 hjarter, for i teorien kunne sør hatt ei endå veikare hand, men samstundes er det usannsynleg at han sperrar fjørlett når vest har passa i opning og aust har passa over 2 ruter.

Kanskje var Strand òg noko usikker på kva andre metodar han eventuelt kunne bruke for å melde slem kontrollert, ettersom 4 grand vel nesten berre må tyde at ein har grandhanda, og difor ikkje blir Blackwood i denne possen.

7 hjarter er ein særs fin kontrakt, som normalt er is og brus. Men så sit sparen altså skeivt, noko som teknisk sett gjer at det berre finst tolv stikk å hente.

Ruter konge kom ut til esset, og Aas Yttereng spela straks kløver ess og kløver til steling, hjarter til esset og kløver til steling. Så tok han hjarter knekt, spela spar til esset og drog dei resterande trumfhonnørane for å plukke ut alle hjarterane i vest. I eit av desse stikka kasta aust ein spar! Det var nok ikkje særleg lurt, sett i lys av meldingar og spel, men det skal seiast til hans forsvar at sørs feite spar var skjult. Avkastet kosta beita, og ein heil del poeng i det som var ei IMP-tevling.

På alle andre bord nøgde nord–sør seg med utgang i hjarter, men det var jo ikkje godt for Strand–Aas Yttereng å vita at veslemomp ville ha vore meir enn nok. I alle høve vart det ein velfortent heimgang!

Av Erlend Skjetne