Litt av ei hand! Finst det ei vitskapleg tilnærming her, eller blir det berre haraball same korleis ein nærmar seg meldingsforlaupet?
Vel, har ein avtalene i orden, går det an å opna i 4 grand. Då kan makker syne spesifikke ess – og spar ess vil jo være særs godt nytt.
Mot det norske ankerparet Basmo–Våge valde aust å klinke til med 6 ruter. Men det døydde ikkje der!
Aust vart nok litt skuffa då Basmo hengde seg på med 6 spar. Legg merke til Våges disiplinerte pass i nord, ei god avgjerd – han veit jo ikkje om sør har meldt 6 spar med sterk overtyding eller om det er ei form for stamp.
Er doblinga i aust ei såkalla Lightner-dobling, som bed om eit «uvanleg» utspel? Tja, aust må vel nesten òg få lov til å doble på rein råstyrke her, for det går jo ikkje an å la sør spela 6 spar udobla dersom aust er søkklasta med sidehonnørar.
I den aktuelle situasjonen tolka vest likevel doblinga «rett», om ein kan seia det slik, då han prøvde seg med ein kløver i utspel. Om makker har ein renons, som ofte er grunnlaget for ei Lightner-dobling, vil det vel oftast vera i kløver, der vest er lengst? Men med kløver ut var kontrakten nedlegg; berre hjarter etterfylgd av høg kløver beitar. 1660 inn!
Ved det andre bordet opna den norske aust med ein sterk 2 kløver, og sør sa 4 spar. Ifylgje opplysningane mine melde vest no 5 kløver. Eg forstår ikkje heilt korleis han kunne ha grunnlag for det – men aust hadde iallfall meir enn nok til å lyfte. 6 kløver vart kontrakten, og der vart det jamvel eitt overstikk.
1390 addert med dei 1660 gav småpene 22 IMP til Noreg. Det maksimale ein kan få på eitt spel er som kjend 24 IMP, så dette må seiast å ha vore eit solid bidrag til EM-gullet. Vi gratulerer!
Av Erlend Skjetne