Vest byrja motspelet med spar to til esset, fylgd av spar knekt til kongen.
Dette ser jo ikkje lyst ut for speleførar, som har åtte toppstikk og ingen synleg veg til det niande, når no motparten har sett opp sparen sin. Men det er ei kjend sak at om ein berre tek nokre stikk, så forsvinn det kanskje òg nokre stikk – for motparten, altså.
Vest var ein merittert spelar, men her fekk han det vanskeleg då ruteren kom i vinden. Han skal altså gjera fire avkast. Ein liten kløver verka som eit opplagt fyrsteval – men Moe la sjølvsagt merke til dette som framstod som eit styrkekast. Ein hjarter kunne vest òg fint avsjå. Men så? Problemet for vest er jo at han ikkje veit at det er trygt å kaste meir hjarter – har sør trekorts, kan det bli katastrofe. Då aust på den fjerde ruteren skilde seg åt med ein kløver, kasta vest ein spar. Så langt alt vel, speleførar har framleis ingen vinnande variant.
Situasjonen var no fylgjande:
På den siste ruteren måtte aust nesten kaste spar, for kastar han kløver, kan speleførar godspela eit kløverstikk ved å dra liten kløver frå bordet. Sør la sjølv òg ein kløver. Då vest no ikkje greidde å kaste hjarter, men i staden heiv kløver åtte, stolte Moe på instinkta sine: Han drog kløver knekt, dekt med dama, og la sjølv ein liten frå handa.
Vest kunne ta to sparstikk, men kløver konge vart kontraktstikket i sør. Aust burde ikkje ha dekt kløver knekt; då kan det gå an for å sør å tenkje at tiaren er frå attverande ess, ti, men eg trur nok Moe hadde gjort rett likevel.
39 par deltok i Berkåk BK sin tradisjonsrike påskecup. Vinnarar vart nordtrønderane Kristoffer Hegge Berg–Ragnar Davidsen, medan far og son Moe tok andreplassen. På tredje fylgde Børre Lund–Jøran Aunan.
Av Erlend Skjetne
1) Omvendt minor
2) Ubalansert minimum