Vi skal sjå på eit spel frå semifinalen. Rosenthal gjekk her inn i siste sett med berre 6 IMP i pluss. Då er det fint å klinke til med ikkje mindre enn 16 IMP inn på fyrste spel!
Kva opnar du med på denne handa?
I moderne bridge er det heilt vanleg å kunne opne på ein 15–17-grand med sekskorts minor. Ofte er jo slike fargar gode stikkjelder, og kan til dømes utgjera ein god grunn for å oppvurdere ein 14–poengar til grandopning. Eg trur nok at mange i praksis ville ha opna 1 grand på handa over.
Men Christian Bakke tenkte heilt annleis: Med ess, konge sjette og to sideess er dette ei hand som mot berre ei skarve ruterdame eller tre småe ruter hjå makker plutseleg inneheld åtte stikk. Potensialet er altså for stort for 1 grand. Bakke vurderte faktisk handa heile 3 honnørpoeng oppover, då han melde ho som ein 18–19-grand!
Kaplan og Rubens’ «hand evaluator», eit verktøy til hjelp i vurderinga av reell handstyrke, støttar vurderinga: Bakkes hand blir der vurdert til 18,30 honnørpoeng.
Brogeland juksa litt med 4 kløver, som strengt teke var splinter med eigen farge som trumf. Han rekna med at han, ved å støtte ruteren etterpå, ville få Bakke til å skjøna at splinteren var basert på ruterstøtte. Bakke var med på notane, og med kanonkort mot ein kortfarge i kløver greidde han å lette til slem.
Som vi ser var 6 ruter fullstendig nedlegg. På det andre bordet opna polske Rafal Jagniewski med 1 grand og fekk Stayman frå makker. No meiner eg at ein bør hoppe til 3 ruter på sørs hand. Slik får ein iallfall vist handtypen – det er såpass viktig at ein berre får leva med eventuelle skadeverknader dei gongene makker hadde ei svak hand og ynskte å spela 2 i major.
Men då sør berre svara 2 ruter på 2 kløver, greidde ikkje nord anna enn å melde 3 grand – som regel har jo ein grandopnar utan majorfarge litt i båe minorane, så singel kløver er ofte ikkje eit stort problem (og etter Stayman og avslag er det heller ikkje vanleg å ha ein metode for å vise akkurat singel kløver).
Mot 3 grand kunne motparten forsyne seg med fem kløverstikk, for ei nitrist beit. Lag Rosenthal såg seg ikkje attende og vann det siste settet 46–11 i IMP, for slik å kvalifisere seg til finalen.
Av Erlend Skjetne