Du hadde inga god melding over 2 ruter. Primærfargen din er for dårleg til å melde inn, du har ikkje majorfordelinga som trengst for å doble opplysande, og du har ikkje styrke til 2 grand. Gjer du noko når det no blir din tur på nytt, eitt steg høgare enn sist?
1) Multi
2) Sperr, pass eller korriger
3 grand på eiga hand med 13 middelmåtige honnørpoeng, og det i sona! Charlsen ana naturlegvis at makker måtte ha litt kort. Eg vil tru at meldinga viste ei minororientert hand, sikkert med eit slags hjarterhald, men det er kanskje litt uklårt kva makker treng for å stå med og når han eventuelt bør ta ut. Aktuelt var det sjølvsagt lett for Thor Erik Hoftaniska å passe.
3 grand var ikkje ein vasstett utgang, men han er god, ikkje minst når ein veit at hjarterlengda er i aust, for den handa kan truleg haldast effektivt ute av spelet. Charlsen fekk jamvel eit overstikk, for 10 IMP inn.
På det andre bordet gjekk det 2 hjarter, veike, pass og 2 spar frå Geir Helgemo. Det var ei konstruktiv, men fullt passbar melding, og aktuelt ei veldig god melding, ettersom nord fort aksjonerer om det i staden går to passar over 2 hjarter.
Over 2 spar var det rimeleg å passe i nord, og etter pass frå Nicolai Heiberg-Evenstad, var det på nytt sør sin tur. Ugurcan Suzer greidde ikkje anna enn å passe, sjølv om han altså var eit steg lågare enn Charlsen, og tyrkarane måtte ta til takke med 200 inn mot 2 spar.
Heller ikkje i den andre semifinalen, mellom eit polsk elitelag og nordmennene sine komande banemenn på lag Knottenbelt, greidde nokre av para å finne grandutgangen nord–sør.
Av Erlend Skjetne
1) Multi
2) Sperr, pass eller korriger