Legg lågt

Bak småe IMP-utslag kan det skjule seg mange interessante problemstillingar. Her er eit spennande spel frå Noregs kamp mot Danmark i EM for nasjonslag i Riga.
Suit 1
K 8 5
Suit 2
2
Suit 3
E 4 3
Suit 4
E kn 10 8 5 2
Suit 1
10 6 2
Suit 2
K D 7 6
Suit 3
K D 10 8 6
Suit 4
9
Symbol 3
Suit 1
kn 4 3
Suit 2
8 5
Suit 3
kn 5 2
Suit 4
K D 7 6 4
Suit 1
E D 9 7
Suit 2
E kn 10 9 4 3
Suit 3
9 7
Suit 4
3
Vest
Nord
Øst
Syd
Tylvad
Bakke
Hammelev
Brogeland
1 kl
pass
1 ru1)
dbl2)
2 kl
pass
2 sp
pass
3 sp
pass
4 sp
pass
pass
pass

1) Minst fire hjarter

2) Ruter, utspelsdirigerande

Kva er rett sluttkontrakt nord–sør her? Det beste er kanskje å unngå utgang. Skal ein fyrst hamne i utgang, er 3 grand det dårlegaste alternativet. Av majorutgangane er nok 4 hjarter best. Men Bakke–Brogeland kom altså i 4 spar, etter det som for så vidt var ei god 3 spar-melding av Bakke: Han har jo utelukka firekorts spar ved å melde 2 kløver over 1 ruter, så Brogeland visste at han her gjekk for utgang på 4–3.

Vest byrja med spar seks. Korleis bør sør spela? Det har eg ikkje noko godt svar på. Brogeland gjorde det som verka naturleg, då han stakk sparen med kongen og spela hjarter til esset og hjarter knekt.

Om vest no – som eg trur mange ville ha gjort på autopilot – hadde dekt hjarter knekt, ville denne utgangen ha rulla heim i røyk og damp. Brogeland har ikkje eigentleg noko anna å spela på enn sparen 3–3, då får han utnytta hjarteren ved å gje bort eit stikk der. Men Daniel Tylvad la elegant liten på hjarter knekt.

Skulle Brogeland la denne gå? Det kan bli trøblete om aust byrja med honnør dobbel i hjarter. Hjarter til knekten i staden for til esset kunne òg ha vore eit alternativ for å takle denne sitsen.

I alle høve stal Brogeland hjarter knekt i bordet, og då var han sjanselaus slik det sat.

På det andre bordet kom Dennis Bilde–Martin Schaltz i 4 hjarter. Erik Berg byrja med ruter konge, stukken med esset – toaren som styrke frå Tor Eivind Grude. No gjekk hjarter til knekten og dama. Berg var naturlegvis glup nok til ikkje å ta for ruter dame no, han skifte i staden kløver. Schaltz stakk med esset og spela spar til esset, la ned hjarter ess og spela hjarter ni til Berg sin konge.

Berg såg nok beita allereie idet Grude fylgde med hjarter åtte under esset. Inne på hjarter konge kunne han spela liten ruter til knekten hjå makker, og få kløver attende til trumfhøging. Hjarter sju vart beita.

Ser du korleis Schaltz kunne ha unngått denne lagnaden? Han må dukke utspelet. Burde han ha greidd det? Kanskje. Men Berg–Grude hadde vore aldeles tause i meldingsforlaupet, så det var sanneleg ikkje lett å sjå føre seg at spelet kom til å gå slik det gjorde.

Danmark vann 3 IMP her, sidan Brogeland gjekk to beit og Schaltz berre éi, men i kampen vart det klår norsk siger, 37–14 i IMP.

Danskane har vel å merke vore knallsterke vidare. I skrivande stund, tre dagar inn i tevlinga, leier dei EM med god margin.

Av Erlend Skjetne