Lur finesse

Vi skal ein tur attende til den sterke amerikanske lagtevlinga Vanderbilt, spela under dei amerikanske Spring Nationals i St. Louis tidlegare i vår.

For Noreg vart det ingen stor jubel, då både Boye Brogeland–Christian Bakke på lag Rosenthal og Geir Helgemo på lag Rubenstein tapte sine kvartfinalar. Men Helgemos lagkamerat Joe Grue kan i det minste skryte av å ha lykkast med ein uvanleg variant i kvartfinalen mot lag Zimmermann, som skulle koma til å vinne tevlinga.
Suit 1
kn 10 9 4
Suit 2
-
Suit 3
E D 10 7
Suit 4
K kn 8 4 3
Suit 1
8
Suit 2
D 7 5 4 3
Suit 3
K 6 5 4
Suit 4
E 9 5
Symbol 16
Suit 1
K 5 3 2
Suit 2
E K kn 9 2
Suit 3
kn 3
Suit 4
D 2
Suit 1
E D 7 6
Suit 2
10 8 6
Suit 3
9 8 2
Suit 4
10 7 6
Vest
Nord
Øst
Syd
Multon
Moss
Zimmermann
Grue
pass
1 ru
1 hj
dbl1)
3 sp2)
4 hj3)
pass
4 sp
pass
pass
dbl
pass
pass
pass

1) Minst fire spar

2) Kortfarge og hjarterstøtte

3) Kortfarge og sparstøtte

Legg merke til Franck Multons 3 spar. Han har ikkje grunn til å tru at slem er så veldig sannsynleg, så meldinga var nok fyrst og fremst meint å gje makker betre føresetnader for å ta rett avgjerd idet motparten – som dei ofte gjer – melder 4 spar. Brad Moss, på si side, melde 4 hjarter for å hjelpe makker til å ta rett avgjerd dersom aust–vest melder 5 hjarter over 4 spar.

Mot 4 spar dobla byrja Multon med liten hjarter, som Grue stal i bordet. Korleis ville du ha spela denne kontrakten, når du veit at vest høgst sannsynleg har singel spar? (At han er renons, er usannsynleg, for aust melde jo inn hjarter, så han har sjeldan fem spar.)

Ingen av minorane er freistande å spela frå bordet, men det bør ikkje få deg til å spela trumf. Du har ikkje noko overskot av trumf, og kan fort få taket i hovudet dersom du plukkar av deg sjølv for mange spar.

Grue drog ein liten kløver frå bordet. Pierre Zimmermann i aust burde kanskje ha skjøna teikninga, men han gjorde det dei fleste ville ha gjort automatisk: Han la liten. Dimed kravde tiaren esset.

Multon spela ny hjarter til steling, og då Grue no la ned kløver konge og kunne konstatere at dama ramla, var han plutseleg på høgda. Han drog kløver knekt, som Zimmermann kunne trumfe for å spela nok ein hjarter til steling. Men no kom spar knekt frå bordet, som stod, og ytterlegare to kløver. Zimmermann måtte la vera å stela i frå kongen dobbel i trumf, elles hadde det vorte overstikk!

590 var sikra og gav 10 IMP til lag Rubenstein, då Zachary Grossack på det andre bordet gjekk ei beit i 5 hjarter. Han melde vidare i aust over 4 spar, etter at Helgemo som Multon hadde synt kortfarge i spar. Det var eigentleg ei tvilsam avgjerd, men når enden er god, er allting godt … bortsett då frå sluttresultatet i kampen, som vart 136–103 til Zimmermann.

Av Erlend Skjetne