Makkeren din har med 5 hjarter synt kortfarge – renons, normalt – og kravd til slem, og over 6 hjarter kravpassa, som stadfester at han så absolutt er renons i hjarter og er interessert i storeslem sjølv om du ikkje har gjort anna enn å svare 1 ruter og leggje av i 6 ruter. Det står mellom doblar og 7 ruter, kva vel du?
Christian Bakke på vinnarlaget WBT Powersharks sa altså 7 ruter i sør, med 4 honnørpoeng mot ein makker som har opna på 1-steget! Det er tøff bridge, men god sekskorts ruter og tre småe hjarter utgjer ei spennande hand slik nord har meldt.
Som aust har du så langt ikkje hatt veldig mykje å tenkje på, men det blir jo interessant når makkeren din eigenhendig stampa over 6 ruter, og det til slutt blir din tur. Du har litt hjarterstøtte, ingenting som utan vidare liknar motspelsstikk, og hadde makkeren din sjølv hatt eit motspelsstikk, ville han nok ha dobla 7 ruter nettopp for å åtvare deg mot å stampe. Tek du så stampen eller ikkje?
Tom Johansen for lag Scorway avgav altså ei einaste melding i dette spelet, og det var 7 hjarter! Eit tungt lyft opp av boksen. Men rett var det, for 7 ruter høggstod og ville ha gjeve 2140 til nord–sør. 7 hjarter kosta «berre» 1400 for fem beit, og var «par score», altså det objektivt sett optimale resultatet på spelet.
Utruleg nok vart 1400 buttspel, men det var ikkje fordi det vart stampa i 7 hjarter på det andre bordet. Nei, der vart kontrakten berre 6 ruter, stilt og roleg, med tretten stikk for 1390. Ingen sving!
Av Erlend Skjetne