Friske tak! Så var det då òg ganske friske kort, og meldingane var dramatiske på dei fleste bord.
Som vi ser vart dette gale for aust–vest. Klukowski var altså i 6 grand, der speleførar med sparutspel ikkje kan gjera stort anna enn å raske med seg dei ni toppstikka sine og notere tre sonebeit!
I utgangspunktet tenkte eg at eg skulle gje spelet som ei oppgåve frå aust sitt perspektiv, og argumentere for at det er ei tvilsam avgjerd å melde 7 spar. Er det verkeleg grunn til å tru at 6 grand er ein vinnar sett i lys av aust sine kort, med dama fjerde i kvar minor? Ein bruker jo ofte uttrykket «billeg forsikring» i slike spel, men det er ikkje billeg å gå 500 – som det aktuelt vart – når ein hadde 300 inn i ein 6 grand som unekteleg er meldt utan nemneverdig kontroll.
Men så såg eg litt på kva som vart gjort i dei andre kampane i åttandedelsfinalen. Blant eit par gonger 7 hjarter og mange gonger 6 og 7 spar dobla (på det andre bordet i Zimmermann-kampen vart resultatet 6 spar dobla med to beit) var det eitt resultat som skilde seg ut: Tyrkaren Ekrem Serdar hoppa inn med 3 spar over 1 hjarter, høyrde 5 spar frå nestemann – venteleg Exclusion Blackwood – 6 spar frå makker og 6 grand frå opnaren. Denne dobla han! Dimed noterte han det formidable resultatet 800 aust–vest.
Når ein tenkjer på det, er ikkje dobling av 6 grand på vest si hand nesten logisk? Ein ser jo at om makker berre har spar dame for å melde 6 spar, må motparten hoste opp elleve raske stikk i hjarter og kløver om 6 grand skal stå. Ein har nesten garantert beita mot 7 hjarter, så ein vil ikkje at makker skal melde 7 spar, noko han nok ofte kjem til å vurdere i gunstig sone.
Med andre ord var lag Dysons fadese mot Zimmermann på dette spelet kanskje vel så mykje vest sin feil som aust sin?
Så til det gode nyhendet – synest iallfall eg: Lag Dyson kjempa elles tappert gjennom heile kampen sin mot Zimmermann, og greidde til slutt å vinne med siffera 116–111. Dei har nok mindre respekt for lag Zimmermann etter denne triumfen!
Av Erlend Skjetne