Mot denne normale kontrakten starta vest med to høge hjarter. Nøst stal og spela korrekt spar til kongen og spar til åttaren. No må det i teorien spelast kløver – liten eller knekten – om kontrakten skal kunne vinnast. Men det var særs forståeleg å spela ruter knekt, dekt av dama, til esset.
No gjekk ein kløver til knekten og kongen, og vest kunne ha øydelagd sluttspelet for speleførar ved å kontre med ein minor. Men då det vart spela ny hjarter, var det igjen Nøst som hadde overtaket.
Ho drog ein kløver til dama, og situasjonen var fylgjande, idet forsvaret har fått to stikk.
På liten kløver frå bordet, kva skal aust gjera? Om han stel, er han innspela. Trumfvri gjev sør høve til å kutte der, ta spar ess og få stikk på kløver ess. Spelar aust i staden ruter opp i glufsa, gjev han sør eit avkast av kløver ess og dei to siste stikka på ess, knekt i spar.
Om aust ikkje trumfar kløveren, vil Nøst ganske enkelt vinne med kløver ess, dra ruter til kongen og ruter, for deretter å vinne kontrakten på ess og knekt i trumf.
Berre på fire av dei atten borda der det vart spela sparkontrakt, vart ti stikk vunne. Forutan Nøst og makker Robert Olsen, var det vinnarparet Christian Bakke–Tor Eivind Grude, premierte Jørn Haavik–Ranja Sivertsvik og Marian W. Grude–Gunnleiv Grude som vann 4 spar.
Av Erlend Skjetne