Vest byrjar med kløver ess, som aust legg åttaren på. Vest er markert med minst fem hjarter, så du kan sjå at dette går til skogen om vest skifter hjarter. Men i dag er han i det hyggelege hjørnet; han trudde kanskje at kløverknekten din var eit falsecard, for han spelar ny kløver. Du reknar med at det meste av honnørpoeng er i vest, og aust la tilsynelatande svakheit under kløver ess, så for å få eit mest mogleg komfortabelt spel vidare, prøver du tiaren i bordet. Den held, ein ruter fyk frå handa. Kva no?
Alt kjem jo an på om du kan unngå to trumftaparar. Vest si dobling av 1 spar tyder på at han er kort i spar, slik at du bør ta høgd for firekorts i aust. Å dra spar til tiaren fungerer i så fall ikkje. Å leggje ned spar dame er kanskje ei fin løysing? Etterpå kan du jo kutte på spar ti, eller til og med på sjuaren, om du trur at aust har knekt, ni fjerde.
Men om du spelar slik, kan vest torpedere planen din ved å skifte hjarter inne på spar ess. Du kan då stikke i bordet og trekkje spar åtte, men aust kan gå imellom, og du har ikkje eit nytt raskt inntak i bordet for å få kutta sparen på nytt. Vest har framleis ruter ess og kan ordne ei hjartersteling til makkeren sin.
Heile spelet:
Innan no har du vonleg sett løysinga; du må djupkutte sparen på direkten.
Helgemo drog spar åtte og lét ho segle, og slik vann han utgangen. På det andre bordet vart resultatet 1 spar med ni stikk.
Forutan det uheldige og/eller dårlege motspelet, var det avgjerande momentet vest si dobling av 1 spar. Det er jo forståeleg at ein vil kjempe i gunstig sone, men det kan kanskje diskuterast om det er fornuftig her, mot ein makker som passa over doblinga av 1 hjarter. Aktuell speleføring blir iallfall vanskeleg for sør å finne om ikkje vest avslører fordelinga si med doblinga.
Av Erlend Skjetne