Sei at du sit i sør og høyrer makkeren din opna 1 kløver. Du svarar 1 spar, og makker hoppar til 3 kløver. Det er altså singeltevling med partevlingsscoring, så du og makker har ikkje all verdas avtaler. Kva tenkjer du om vegen vidare?
Det fyrste du kan gjera, er å telja stikk. Makkeren din har altså synt minst seks kløver, så der kan du rekne minst fem og ofte seks stikk. Så har du fire spisse honnørar, som leier deg til ti eller elleve stikk, og det er vel òg sannsynleg at makker, som trass alt har synt ei sterk hand, må ha hjarter ess? Om han ikkje har det, må du iallfall rekne med at han har noko småsnacks i sidefargane som gjer at det truleg ikkje er eit poeng å spela kløverkontrakt heller enn grand, iallfall ikkje på 6-steget.
Så lenge du forventar at makker oppfattar 4 grand som Blackwood (meir samspelte makkerpar vil kunne bruke det som ei såkalla kvantitativ melding, ein invitt), er det kanskje greitt å melde akkurat det?
På 4 grand svarar makker 5 kløver, i standard system null eller tre essverdiar, opplagt tre i dette tilfellet. Hjarter ess og ess, konge i kløver er altså på plass.
Er du den forsiktige typen, vil du no kanskje spørja etter trumf dame, og leggje av i 6 grand når det syner seg at makker ikkje har den. Men makker har altså minst ess, konge sjette i kløver, og i sær om han har knekten, er det jo veldig gode sjansar for at kløveren vil ordne seg for seks stikk. Om makker så skulle ha ess, konge, dame, knekt i kløver, og altså hjarter ess, bør han nesten ha noko meir for å hoppe til 3 kløver, til dømes ei dame. Då er du lynfort på tretten stikk, er du ikkje?
Så enkelt og godt melde Jørgen Molberg i makkerskap med Annika Haugen – dei hadde aldri spela saman før. Molberg kunne slett ikkje vita sikkert at det ville stå storeslem, men det verka sannsynleg. I lagkamp kan ein sjå føre seg at 7 kløver er det sikraste, fordi sør moglegvis kan få ei hjartersteling eller få godspela sparen sin gjennom stelingar i bordet, men i partevling må 7 grand vera fornuftig.
Nord hadde berre 15 honnørpoeng, men storeslemmen var glimrande på grunn av den sjuande kløveren – at fargen sit 2–1, er det 78 % sjanse for. Kontrakten vart meld på åtte av dei femten borda i feltet.
Av Erlend Skjetne