Sigersskvis

Boye Brogeland og Christian Bakkes lag Rosenthal kom heilt til finalen i den prestisjetunge Soloway-cupen under Fall Nationals i San Francisco. Der vart det diverre tap for lag Shourie.

Sant å seia var det nære på at Rosenthal rauk ut i kvarten, då dei låg under med eitt IMP før det aller siste av dei 60 spela. Men så kom danske Martin Schaltz inn og redda avansementet. Du hadde vel fiksa speleprøva han fekk?
Suit 1
D 9 6
Suit 2
E 8 6
Suit 3
7 6 3
Suit 4
E 7 5 2
Symbol 9
Suit 1
K 3
Suit 2
7 5
Suit 3
E K D kn 9 5 2
Suit 4
D 3
Vest
Nord
Øst
Syd
Greco
Willenken
Hampson
Schaltz
1 ru
2 ru1)
2 sp
pass
4 ru
4 hj
5 ru
pass
pass
pass

1) Minst 5-5 i major

Nøyaktig kva nord meinte med 2 spar er litt uklårt, men kontrakten vart no iallfall 5 ruter. Med kløver seks ut, kva tenkjer du om spelet?

Tilsynelatande har du ein hjartertapar i tillegg til spartaparen, så har du nokre andre sjansar enn at utspelet er frå kløver konge?

Tja, veldig gode er ikkje sjansane. Men det vil vera særs uklokt å sleppe kløveren, som nesten garantert er ein singelton når vest melde 4 hjarter, som indikerer at han har sekskorts hjarter i tillegg til minst fem spar.

Håpet ditt ligg i at vest verkeleg har «alt» i major. Då kan han skvisast. Om han ikkje har det, kan det jo òg finnast eit visst håp om pølseskvis, jamfør det gamle jungelordet som seier at det er umogleg å halde rett mot ein sjukortsfarge.

Suit 1
D 9 6
Suit 2
E 8 6
Suit 3
7 6 3
Suit 4
E 7 5 2
Suit 1
E kn 10 8 5
Suit 2
K D kn 10 9 3
Suit 3
4
Suit 4
6
Symbol 9
Suit 1
7 4 3
Suit 2
4 2
Suit 3
10 8
Suit 4
K kn 10 9 8 4
Suit 1
K 3
Suit 2
7 5
Suit 3
E K D kn 9 5 2
Suit 4
D 3

Martin Schaltz stakk korrekt med kløver ess i fyrste stikk, og drog deretter trumfen heilt til botnen. Allereie på den andre augna han nok håp, då vest kasta hjarter konge, sterk indikasjon på ein botnsolid farge.

Ruterleksa skvisa vest ubønhøyrleg; på den siste ruteren hadde han valet mellom å kaste frå seg hjarterhaldet eller å gå ned på dobbel spar. Sistnemnde dårlege alternativ gjorde det mogleg for Schaltz å godspela eit ekstra sparstikk, kontraktstikket.

På det andre bordet hoppa Boye Brogeland friskt, men praktisk inn med 4 hjarter over 1 ruter. Den kontrakten fekk han spela, og gjekk der to beit. Det sikra 7 IMP inn og avansement for lag Rosenthal.

Av Erlend Skjetne