Skandinavar i India

India er eit land med ambisjonar på mange område, også innanfor bridge. Nyleg var Boye Brogeland, Nicolai Heiberg-Evenstad og danske Christian Lahrmann i Indore i India for å spela i ein indisk meisterskap, kalla opp etter den velkjende lokale maharajaen Yeshwant Rao Holkar II. Det enda med siger i lagtevlinga Holkar Trophy på lag med indiske Keyzad Anklesaria, Aniruddha Bhattacharya og Subodh Maskara under namnet Mavericks.

Det aller siste spelet i finalen var interessant, og skulle syne seg å bli avgjerande. Med eitt spel att leia Mavericks nemleg med 1 fattig IMP.
Suit 1
10 3 2
Suit 2
D 8 6 3
Suit 3
E 9 4
Suit 4
D kn 7
Symbol 13
Suit 1
E K kn 8 7 6
Suit 2
kn 7 5
Suit 3
D 7 6
Suit 4
E
Vest
Nord
Øst
Syd
Roy
Anklesaria
Swapan
Brogeland
pass
pass
pass
1 sp
pass
2 kl1)
dbl
4 sp
pass
pass
pass

1) Toronto

Kløver ti kom ut til esset. På ess, konge i spar fylgjer vest med to småe, aust med ein liten og dama, så då er det godt håp for kontrakten, når aust med den utspelsdirigerande doblinga har avslørt at han har kløver konge. Éin raud tapar kan parkerast ved å presse ut kløver konge mot trumf og etablere eit kløverstikk. Men det er ikkje openbert om du bør kaste ruter eller hjarter, og det er i det heile ikkje openbert korleis du bør spela. Din plan?

Det ligg ein del info i meldingane og byrjinga på spelet. Vest prøvde seg ikkje med ein hjarterhonnør i utspel, så det verkar truleg at hjarterhonnørane er fordelte. Aust opna ikkje i tredje hand, så når han då har kløver konge og spar dame i tillegg til ein hjarterhonnør, er det truleg at ruter konge sit i vest. Det at kløverlengda er i aust, aukar sjansen for at vest har hjarterlengda.

Om ein greier dette resonnementet, er ein heilt klårt inne på det riktige. Men kva kort plukkar du fram frå handa i fjerde stikk?

Suit 1
10 3 2
Suit 2
D 8 6 3
Suit 3
E 9 4
Suit 4
D kn 7
Suit 1
9 5
Suit 2
E 10 9 4 2
Suit 3
K 5 3
Suit 4
10 5 2
Symbol 1
Suit 1
D 4
Suit 2
K
Suit 3
kn 10 8 2
Suit 4
K 9 8 6 4 3
Suit 1
E K kn 8 7 6
Suit 2
kn 7 5
Suit 3
D 7 6
Suit 4
E

Boye Brogeland spela hjarter knekt.

I alle tilfelle der vest lèt denne gå til aust, er det meste gjort. Skulle aust ha honnør singel eller dobbel i hjarter, hjelper det heller ikkje vest å stikke med honnøren sin fyrste gong. Kort sagt vart kontrakten is og brus slik Brogeland innleia spelet.

Det Brogeland såg, var at det òg er gode moglegheiter med 3–3-sits i hjarter og ruter konge i vest, på grunn av den fjerde hjarteren i bordet og det faktum at ruteren inneheld litt innmat. Det kritiske er om vest kan stikke hjarter knekt og spela liten hjarter til aust, som skifter ruter gjennom dama. Om vest i staden spelar hjarter ti i ein andre hjarterrunde, kan jo denne dukkast, og det er framleis vest som er inne, slik at forsvaret ikkje kan hindre sør i å få godspela den fjerde hjarteren i bordet til eit andre ruteravkast.

Men sjølv om forsvaret finn det skisserte optimale motspelet, har Brogeland med si kortføring tilleggssjansar: Anten aust har ruter ti eller knekt dobbel saman med sekskorts kløver, eller femkorts kløver saman med knekt, ti i ruter utan åttaren, er jo ruteren låst for forsvaret slik at aust ikkje finn noka beit ved å skifte ruter inne på andre hjarter. For då vil jo sør gje opp hjarteren og kaste taparen sin der på den kløverhonnøren han kan godspela og hente i bordet, og så heller satse på å få eit stikk på ruter ni i bordet – eventuelt seksaren om aust skulle ha byrja med knekt, ti, liten.

Spelet er eit godt døme på kor langt ein god spelar kan greie å tenkje, og sjølv om det finst diverse måtar å vinne 4 spar på slik det sit, er eg overtydd om at Brogelands løysing var den mest praktiske og dimed beste.

På det andre bordet vart resultatet 3 spar med ti stikk. 420 gav 6 IMP til Mavericks, og dimed vart det siger, medan beit i 4 spar hadde kosta gullet.

Av Erlend Skjetne