Nord veit naturlegvis at sør kan vera blank for 3 hjarter, men han tok sjansen på soneutgangen. Ola Rimstedt ville vel ikkje skremme motparten over i ein betre utgang, difor inga dobling – kanskje like greitt.
Fasiten seier at kontrakten er beit med minor ut, så sånn sett kom motspelet godt i gang då Rimstedt sørva kløver dame. Madala stakk med esset, spela ess, konge i spar med kløveravkast, ruter ess, spar til steling og ruter konge.
Så langt hadde ikkje Rimstedt gjort anna enn å fylgje farge. Så kom ein liten ruter i denne situasjonen:
Her skjedde det ei kortslutning: På den vesle ruteren trumfa Rimstedt med hjarter sju. Madala trumfa over med tiaren i bordet, og kunne no spela ein ny spar til steling med hjarter seks. Det var det åttande stikket. Ny ruter gav eit niande stikk på hjarter konge i bordet, og så var det i praksis berre å fri seg med kløver: Vest måtte stela seg inn og gje Madala kontrakten på hjarter dame.
I diagramsituasjonen skal Rimstedt kaste spar. Bordet får no det sjuande stikket. Men etterpå har vest full kontroll same kva kort som kjem; det er ingen grunn til at nord–sør skal få meir enn to trumfstikk til.
På det andre bordet vart kontrakten 3 ruter dobla i aust med to beit, så Madala vann 8 IMP på spelet, og Argentina vann kampen 29–13 i IMP, 14,18–5,82 i VP. Argentina overraska i det heile stort i denne tevlinga, då dei kom heilt til semifinalen, og jamvel der gav Italia ein god match. Sverige tapte skuffande sin åttandedelsfinale mot Korea.
I ein annan kamp eg fylgde med på, storoppgjeret mellom Italia og Sveits, fekk Giacomo Percario sjansen til å vinne 4 hjarter dobla på korta over. Michał Klukowski spela noko merkeleg spar ut, og då ligg alt til rette for heimgang – i sær etter ei avslørande dobling. Men Percario spela svakt og gjekk to beit. I Noregs kamp mot Polen gjekk sør ei udobla beit i 4 hjarter mot Charlsen–Hoftaniska, medan Bakke–Brogeland henta to dobla beit i 3 ruter.
Av Erlend Skjetne