Ein spelar som likevel slår til med ein såkalla psyk innimellom, er Boye Brogeland. Det gjeld å finne den rette augneblinken.
Då lag Rosenthal skulle spela det tredje og nest siste 14-spelssettet i finalen i ope VM lag, og låg under med heile 69 IMP mot knallsterke lag Fleisher, var tida definitivt mogen for ein bløff: Som Brogeland sjølv har forklåra, held det normalt sett ikkje å spela ordinær, god bridge for å ta att eit så stort forsprang når motstanden er i verdsklasse.
Bløff og bløff, fru Blom – Brogeland hadde jo faktisk hjarter. Men eitt skarve biletkort – ein knekt – er mildt sagt litt mindre enn det ein vanlegvis har for ei opning på 1-steget, og ei så undervektig melding er i bridgelovene definert som ein bløff.
Marty Fleisher i nord kunne sikkert ha meldt meir intelligent enn han gjorde, men eg har sympati for 4 spar: Når ein høyrer motparten opne på 1-steget og svarhanda òg syner ein del honnørpoeng, er det ikkje lett å førestille seg at det skal meldast slem eigen veg – og det ville då òg ha vorte vanskeleg etter denne starten.
Christian Bakke hadde heldigvis vett til å passe ut 4 spar med den nokså slappe handa si, og dimed stranda Chip Martel i utgang. Der fekk han tak i alle stikka – men det same gjorde Martin Schaltz–Chris Willenken på det andre bordet, og dei melde ikkje mindre enn 7 kløver!
Det er ingen vasstett storeslem, men han har absolutt akseptable sjansar. Spelet sikra 16 IMP til Rosenthal, og gav grunn til optimisme for dei publikummarane som håpa på ein snuoperasjon. Rosenthal vann settet 38–5, og låg då under med 36 IMP idet siste sett skulle spelast, noko det saktens er mogleg å hente inn på 14 spel.
Diverre greidde ikkje Rosenthal å vinne det siste settet med meir enn 10 IMP, så Fleisher sikra VM-gullet med ein margin på 26 IMP.
Av Erlend Skjetne
1) Hjarterstøtte og mild invitt