Stakkars Romania

Romania har aldri vore rekna for nokon stor bridgenasjon. Men med åra har nok dei – som mange andre land utan lange bridgetradisjonar – fått ein del brukbare spelarar som kan hevde seg på gode dagar. Då Romania møtte Noreg i EM for nasjonslag, vart det likevel stygt, med 20–0 til Noreg som sluttresultat.

På det eine spelet syntest eg nesten – men berre nesten – synd på rumenarane. Korleis hadde du vurdert denne situasjonen?
Suit 1
E 7 6 5
Suit 2
E K 9 7
Suit 3
E 10 4 3
Suit 4
3
Symbol 11
Suit 1
10
Suit 2
D 4 3 2
Suit 3
8 6
Suit 4
E D 9 7 6 5
Vest
Nord
Øst
Syd
Negoescu
Heiberg-Evenstad
Georgescu
Helgemo
1 sp
pass
2 gr1)
3 kl
3 ru2)
5 kl
6 sp
pass
pass
pass

1) Stenberg, krav til utgang og sparstøtte

2) Naturleg tillegg

Vest byrjar med kløver knekt. Du må nesten stikke med esset. Sør legg firaren. Kva spelar du attende?

Kløver er ikkje freistande dersom makkeren din byrja med konge, knekt, ti femte, og det kan han kanskje ha etter å ha hoppa til 5 kløver i sona? Ruter ser skummelt ut om sør er avhengig av å finne noko der for å vinne slemmen, og hjarter er openbert òg farleg om sør har knekten – for ikkje å snakke om trumf, som i verste fall kan gafle opp dama tredje hjå makker. Så, i valet mellom pest, kolera, flekktyfus og skøyrbuk, kva føretrekkjer du?

Vel, eigentleg trur eg at kløver peikar seg ut. Ein idé kan vera å spørja om nord–sør har noka avtale på dobling av 3 kløver i aktuelle meldingsforlaup, for mange bruker dette som singelton i innmeldingsfargen, slik at sør no truleg har dobbel. Forresten er det kanskje meir sympatisk av makker å spela ut kløver konge, eventuelt liten som fordeling, om han byrja med konge, knekt, ti femte?

Rumenaren valde å skifte ruter, og då løyste han alle vanskar for Geir Helgemo:

Suit 1
E 7 6 5
Suit 2
E K 9 7
Suit 3
E 10 4 3
Suit 4
3
Suit 1
kn 9
Suit 2
kn 10 8 5
Suit 3
D 7 5
Suit 4
kn 10 8 2
Symbol 11
Suit 1
10
Suit 2
D 4 3 2
Suit 3
8 6
Suit 4
E D 9 7 6 5
Suit 1
K D 8 4 3 2
Suit 2
6
Suit 3
K kn 9 2
Suit 4
K 4

Returen må seiast å vera ei særs sjenerøs gåvepakke til speleførar, som nok kan finne på å kutte ruteren gjennom den spelaren som syner seg å ha singel spar. Men når dette er sagt, hadde nok ein spelar av Helgemos kaliber vunne 6 spar likevel: Han har ressursar til å stela ned heile hjarteren fyrst, då ser han at aust truleg byrja med 6–4 i dei runde fargane, og så er plutseleg ruterfinessen gjennom vest med oddsen likevel.

På det andre bordet byrja meldingane likt, men Erik Berg i vest støtta aldri kløveren som Tor Eivind Grude melde inn. No hadde Grude iallfall ingen grunn til å spela anna enn ny kløver etter kløver knekt ut til esset mot 6 spar. Speleførar hadde også her moglegheita til å plassere aust med fire hjarter saman med det som såg ut som (minst) seks kløver, så han burde ha vunne slemmen. Men han utnytta ikkje potensialet i den tilgjengelege informasjonen, og enda med å ta ruterfinessen feil veg. 17 IMP til Noreg!

Av Erlend Skjetne