Trippeltrøbbel

I vekas spel fann unge Markus Lund frå Heimdal eit fint motspel for å halde speleførar nede på minimum antal stikk. Ville du ha greidd prøva? Det er partevling.
Suit 1
E 8
Suit 2
K kn 10 8 6
Suit 3
E 6 4 2
Suit 4
D 7
Suit 1
9 7 6 2
Suit 2
9
Suit 3
kn
Suit 4
E K kn 10 9 8 2
Symbol 9
Vest
Nord
Øst
Syd
Lund
Hegge Berg
1 sp
4 kl
dbl
pass
4 sp
pass
pass
pass

Du byrjar med konge og ess i kløver, som både aust og sør fylgjer to gonger på, utan at nokon fargepreferanse kan lesast ut av aust sine småkort. Kva no?

Det høyrest ut til at sør har minst seks spar. Dersom makkeren din har hjarter ess, har du sjølvsagt ei rask beit ved å skifte til den fargen. Men sør har mest truleg dette kortet for meldingane sine. Singel ruter kan òg vera rett skift, for ei rask beit dersom aust har kongen og bordet legg lågt, eller for å gjera livet ukomfortabelt for sør dersom han ikkje har ruter konge, men til dømes treng ein hjarterfinesse gjennom aust for å få etablert den fargen. Ser du eit tredje motspelsalternativ?

Lund såg potensial i niaren fjerde i spar – anten aust har dama, knekten eller tiaren singel, vil det å få brukt denne trumfen til å tvinge sør til å stela over, fort generere eit trumfstikk i vest. Lund spela difor ein tredje kløver, til trippelrenons!

Heile spelet:

Suit 1
E 8
Suit 2
K kn 10 8 6
Suit 3
E 6 4 2
Suit 4
D 7
Suit 1
9 7 6 2
Suit 2
9
Suit 3
kn
Suit 4
E K kn 10 9 8 2
Symbol 9
Suit 1
D
Suit 2
D 4 3 2
Suit 3
D 10 9 8 5 3
Suit 4
6 4
Suit 1
K kn 10 5 4 3
Suit 2
E 7 5
Suit 3
K 7
Suit 4
5 3

Med hjarterskift kjem elleve stikk av seg sjølve, og med ruterskift er alt òg ganske opplagt, fordi hjarterfinessen over aust blir markert når vest har fire spar i tillegg til den lange kløveren.

Med kløver til trippelrenons, derimot, var det ganske naturleg for sør å be om spar åtte i bordet. Aust stal over med dama, sør med kongen, og så trudde nok sør at resten stod. Men nei – vest hadde ordna seg eit trumfstikk på spar ni, for 420 og litt under middels for speleførar.

For å vinne elleve stikk med det aktuelle motspelet, må sør kaste eit kort i bordet på den tredje kløveren, stela over aust si spar dame med kongen og spela liten spar til åttaren. Motspelet er suspekt, men det er likevel ei i overkant vanskeleg prøve, vil eg påstå.

Kort og godt eit glimrande motspel av Markus Lund!

Av Erlend Skjetne