Spelet er frå ein stikkamp i Trondheim, der det handla om å få innvilga plass i 2. divisjon eller måtte finne seg i å spela i 3. divisjon.
Nord har altså vist ei hand med spar og ruter. Det at sør hadde tilstrekkeleg med essverdiar og etter alt å døme valde spar som trumf heller enn ruter, var nok til at nord melde storeslem. Du reknar med at det går pass rundt om du passar no, og du veit at det blir beit om makker finn ruter ut. At han skal gjera det utan ei Lightner-dobling, verkar rett nok usannsynleg. Trur du at storeslemmen står utan ruter ut, eller er det sannsynlegvis beit også utan ei dobling når du jo har fire spar og ser at korta sikkert sit litt skeivt?
Her får du fasiten:
Nord–sør hadde ikkje eigentleg meldt særleg godt, for i lagkamp er det ingen tvil om at 7 ruter er den beste kontrakten. Men 7 spar vart altså meldt – og så dobla aust. Nord valde å stole på at aust hadde ein god grunn til å doble, og tok ut i 7 grand.
Tilsynelatande er det berre tolv stikk her. Men då speleførar nøgde seg med å ta to høge sparar før han drog i gang alle dei raude stikka, måtte aust motvillig finne seg i å bli skvisa i majorfargane. Dimed vart det tretten stikk til bokføring, medan det at vest sin single spar var nettopp knekten, ville ha gjeve ei bombesikker beit i 7 spar.
Vi får vera glade for at Theodore Lightner ikkje lenger lever, slik at han slapp å sjå den intelligente oppfinninga si få slike uhyrlege konsekvensar.
Av Erlend Skjetne
1) Overføring
2) Éin eller fire essverdiar