Tynn trumfstøtte

Når to gode spelarar er skikkeleg samspela og trygge på kvarandre, kan vedunderlege ting skje. Her er eit døme frå Noregs pangstart på EM, mot Sverige, som enda med siger 20–0.

Du kan jo gje deg sjølv ei meldeprøve i nord.
Suit 1
E kn 9 8 7 4
Suit 2
-
Suit 3
E D 8 7
Suit 4
E K 3
Symbol 13
Vest
Nord
Øst
Syd
pass
1 sp
pass
2 hj
pass
2 sp
pass
4 hj
pass
?

Har du krefter til ei ny melding her? Du har definitivt store verdiar du ikkje har fått vist – du kunne hatt ei minimumsopning, men har 18 toppsterke honnørpoeng. Renons i makkers farge får likevel dei fleste til å tenkje misfit. Men hjarteren er det vel makker som skal ta seg av, eller kva? Kor mykje må han eigentleg ha for å melde som han gjer? Om han hadde sagt 4 hjarter rett i over 1 spar, ville det ha vore kunstig, eller viser det òg hjarter? Og om det viser hjarter, kva blir skilnaden på å hoppe til 4 hjarter direkte og å gå vegen om 2 hjarter?

Suit 1
E kn 9 8 7 4
Suit 2
-
Suit 3
E D 8 7
Suit 4
E K 3
Suit 1
K 10 3
Suit 2
5
Suit 3
K 6 4 2
Suit 4
9 8 7 4 2
Symbol 13
Suit 1
D 6 5
Suit 2
D 7 6 3
Suit 3
10 9 5
Suit 4
D 10 5
Suit 1
2
Suit 2
E K kn 10 9 8 4 2
Suit 3
kn 3
Suit 4
kn 6
Vest
Nord
Øst
Syd
O. Rimstedt
Bakke
M. Rimstedt
Brogeland
pass
1 sp
pass
2 hj
pass
2 sp
pass
4 hj
pass
5 hj
pass
6 hj
pass
pass
pass

Christian Bakke forventa openbert noko slikt som det Boye Brogeland hadde; han gav makker veslefingeren trass i renons i trumf! 5 hjarter seier kanskje fylgjande: «Har du kontroll på trumfen, makker, så kan eg ta hand om det meste elles!»

Slemmen var glimrande. Éin speleførar i salen gjekk beit med ruter ut, for det er då mogleg å satse på at ruter konge sit bak (og at hjarter dame ikkje dett under ess, konge), og heller gå for sparen 3–3: Opp på ruter ess, spar ess og spar til steling, ess, konge i hjarter, kløver til esset og ny spar til steling, kløver til kongen og godspela spar med ruteravkast. Brogeland fekk òg ruter ut, men han rekna nok ikkje eit aggressivt utspel unna ruter konge for å vera særleg usannsynleg, så han sleppte ruteren. Skulle aust ha kongen, blir reservesjansen at hjarter dame sit laust. Utan ruter ut er slemmen vel å merke endå betre, sidan ein då får kombinert moglegheitene i spar med ruterkutten.

980 inn gav 11 IMP til Noreg, då Johan Upmark–Fredrik Nyström på det andre bordet ikkje kom seg i slem, endå dei spelar eit sterkt kløversystem og fekk melde i fred.

I hendene på gode spelarar med god felles forståing fungerer eit naturleg system tydelegvis ikkje så aller verst.

Av Erlend Skjetne