Uheldig eller feil?

I helga samla sosiale bridgespelarar i Trondheim og omegn seg til den årvisse førjulssingelen Proffen-cupen, til minne om den dyktige heimdalingen Rune «Proffen» Brattgjerd, som døydde så altfor tidleg.

Medan vi ventar på spel frå 2025-utgåva av tevlinga, skal vi sjå på eit spel frå eit tidlegare år, som enda med lang nase for ein merittert sørspelar.
Suit 1
K 8 5
Suit 2
E 10 8 2
Suit 3
8 2
Suit 4
5 4 3 2
Symbol 5
Suit 1
E D kn 10 6 4 2
Suit 2
D 9 6 3
Suit 3
E
Suit 4
E
Vest
Nord
Øst
Syd
pass
1 sp
3 ru
3 sp
4 ru
5 ru
pass
5 hj
pass
6 sp
pass
pass

Godt meldt til ein god slem. Vest byrja med ruter dame til esset. Sør valde no å leggje ned kløver ess og spela spar til kongen og ein kløver til høg steling. Dersom spar ni hadde sete singel, kunne sør no ha spela ein liten spar til åttaren og ein ny kløver til steling, noko som potensielt kunne ha gjeve verdifull informasjon. Men ingen niar synte seg i fyrste sparrunde, båe fylgde lågt, og etter den fyrste kløverstelinga tok sør difor ein høg spar på handa. På denne kasta vest ein ruter.

No er det mogleg å spela spar til åttaren og stela endå ein kløver. Ulempa med det, er at du då ikkje har fleire inngangar i bordet utom hjarteren, slik at du ikkje får spela to gonger hjarter mot handa etter hjarter ess, noko du treng å gjera om vest skulle ha ein liten singelton. Men det var denne hjarteren då … At vest skal ha byrja med singel hjarter i tillegg til singel spar, verkar usannsynleg, spesielt sidan han ikkje spela hjarter ut. Så kanskje er det ei god investering å dra ein liten spar til åttaren og stela nok ein kløver.

På dei to kløverstelingane fylgjer vest med kongen og tiaren. Han byrja altså med éin spar, venteleg seks eller sju ruter og minst tre kløver. Men du finn i grunnen ikkje ut om han hadde seks eller sju ruter eller om han hadde tre eller fire kløver, og dimed veit du heller ikkje om han byrja med to eller tre hjarter.

Det store spørsmålet blir sjølvsagt om du skal spela hjarter til esset og hjarter mot handa, som blir rett dei gongene aust har kongen og knekten, eller om du skal dra dama, som vinn alle gonger vest har minst ein av honnørane. Ser ein isolert på hjarteren, er det siste det beste, men så spørst det jo kva meldingar og spel har gjort med oddsen.

Vår sør rekna vel med at vest for sperremeldinga si sannsynlegvis ikkje hadde konge, knekt i hjarter på sida – han hadde jo òg synt kløver konge – og spela difor hjarter til esset og hjarter. Men då vart det beit.

Suit 1
K 8 5
Suit 2
E 10 8 2
Suit 3
8 2
Suit 4
5 4 3 2
Suit 1
3
Suit 2
K kn 5
Suit 3
D kn 10 6 5 3
Suit 4
K 10 6
Symbol 5
Suit 1
9 7
Suit 2
7 4
Suit 3
K 9 7 4
Suit 4
D kn 9 8 7
Suit 1
E D kn 10 6 4 2
Suit 2
D 9 6 3
Suit 3
E
Suit 4
E

Kva synest du om vest sin 3 ruter? Det er sjeldan ein har så mange sidehonnørar for ei sperremelding, men mot ein passa makker blir stilen gjerne temmeleg fri – og det viser seg i mange tilfelle at det å ha noko «på luringa» nettopp er det som kan narre speleførar til å velja feil.

Det var partevling, og sør fekk rein botn på å gå beit. Nokså brutalt, vil eg seia – eller kva synest du?

Av Erlend Skjetne

PS. Resultater Proffen-cupen 2025