Uhell i uhellet

Eit tilbakevendande spørsmål i bridgen er i kva grad ein skal ta omsyn til ein eventuell høg kontrakt eigen veg når ein sperreopnar. Ta handa under, til dømes, som skriv seg frå den kampen i NM monrad lag då favorittane WBT Powersharks møtte lag EFC Holding, som så langt i tevlinga hadde imponert.
Symbol 4
Suit 1
E K D kn 10 3 2
Suit 2
6 3
Suit 3
D 8 4 2
Suit 4
9

Nord er giver og passar i opning, og det er din tur i ugunstig sone. Kva opnar du med?

Eg trur dei fleste eksepertar vil seia at det står mellom 1 og 4 spar, med mindre ein har ei spesialmelding på repertoaret for å vise gåande major. Fordelen med 4 spar er naturlegvis sperreeffekten. Ein ulempe er at ein allereie kan vera for høgt – ein kan gå dobla sonebeiter – og ein annan er at det kan vera vanskeleg å få meldt ein eventuell slem eigen veg med kontroll.

For å gje deg litt meir å arbeide med, kan vi jo seia at du opnar 1 spar. Då går meldingane vidare som fylgjer:

Vest                      Nord                   Aust                     Sør

pass                  1 sp                      2 kl

2 sp                      dbl                       4 sp                      4 gr

pass                     5 kl                      pass                     pass

dbl                       pass                     pass                     pass

Nords dobling var responsiv, altså som oftast minst fire hjarter, og sørs 4 grand signaliserer at han har ein annan farge ved sidan av kløveren, anten ruter eller hjarter. Men nord – ved bordet ingen ringare enn Geir Helgemo – satsa altså på 5 kløver, og med spar fire ut frå vest kjem bordet ned og ser såleis ut:

Suit 1
9 5
Suit 2
D kn 8 7 3
Suit 3
E kn 9
Suit 4
kn 10 3
Symbol 4
Suit 1
E K D kn 10 3 2
Suit 2
6
Suit 3
D 8 4 2
Suit 4
9

Du vinn stikket, sør fylgjer med åttaren, men kva spelar du tilbake?

Eg skal ikkje prøve å framføre noko resonnement som prov på at aust burde ha gjort noko annleis her, for det var vanskeleg å finne det rette motspelet. Meir spar er openbert fåfengt, sør har ikkje fleire av den sorten. Det tilforlatelege er å spela ein hjarter i von om å få ei steling, men det er ein risiko for at dette – som jo vil etablere hjarteren for sør – medfører eit tempotap. Her er det òg eit poeng at aust sjølv har singel trumf: Har sør hjarter ess, finst det jo inga steling dersom sør stikk hjarterskiftet og straks spelar trumf.

Aust returnerte ein hjarter, men då vart nasen lang:

Suit 1
9 5
Suit 2
D kn 8 7 3
Suit 3
E kn 9
Suit 4
kn 10 3
Suit 1
7 6 4
Suit 2
9 5 2
Suit 3
K 7 6 3
Suit 4
E 8 7
Symbol 4
Suit 1
E K D kn 10 3 2
Suit 2
6
Suit 3
D 8 4 2
Suit 4
9
Suit 1
8
Suit 2
E K 10 4
Suit 3
10 5
Suit 4
K D 6 5 4 2

Det må altså ruter attende for å beite 5 kløver; no kunne Tor Eivind Grude raskt notere 550.

På det andre bordet valde Thor Erik Hoftaniska å klinke til med 4 spar i opning. Skulle Kåre Osvald Bogø no ha meldt seg på med sørs hand mot ein passa makker? Det er heller ikkje lett. Han passa, og ingen kunne nekte Hoftaniska heimgang i 4 spar. Dobbeltscoren gav 15 IMP til lag WBT Powerhouse på veg mot NM-gull.

Av Erlend Skjetne