Velplassert stamp

Den årvisse og tradisjonsrike lagtevlinga Spring Fours gjekk nyleg av stabelen i Bristol i England. For fyrste gong på lenge var tevlinga fullteikna, med 64 lag på startstreken, mange av dei særs gode.

Heilt til finalen kom det irske lag Barton og det amerikanske lag Schnelwar. Barton vann tevlinga i fjor. Amerikanarane Joe Grue, Vincent Demuy, Zachary Grossack og Adam Kaplan er openbert på øvste internasjonale hylle, men då dei òg hadde den meir upolerte spelande sponsoren Susan Schnelwar med seg, verka det på førehand som eit nokså ope oppgjer.

Det var då også jamt inntil rundt ein fjerdedel av dei 32 finalespela stod att, men så drog amerikanarane – no med sponsoren på benken – ifrå, og vann til slutt 111–69.

Denne vekas spel er frå rundt midtvegs i kampen, og her var det Zachary Grossack som sikra amerikarane ein sving inn.

Symbol 16
Suit 1
5
Suit 2
E D 10 8 7 4 2
Suit 3
D 6
Suit 4
E 10 7
Vest
Nord
Øst
Syd
Moran
Schnelwar
Carroll
Grossack
1 sp
pass
2 ru
4 hj
5 ru
5 hj
6 ru
?

Kva gjer du? Motparten har altså meldt slem utan nemneverdig kontroll. Ein av dei kan vera renons i hjarter, i så fall kan 6 ruter fint stå. Men er ingen av dei renons i hjarter, ser du veldig fort på beita. Alternativa er altså: 1) Pass, med ein viss sjanse for at makker stampar. 2) Doblar, som vel gjerne åtvarar makker mot å stampe, og av og til vil gje dobla beit inn. 3) 6 hjarter som ei såkalla billeg forsikring – du er i gunstig sone, men du forventar nokre beiter i 6 hjarter, så det blir sjølvsagt dyrt nok om 6 ruter var beit.

Grossack melde 6 hjarter. Det skulle syne seg å bli ein innertiar av dei sjeldne.

Suit 1
9 8 6 4 3
Suit 2
K 5 3
Suit 3
-
Suit 4
D kn 9 4 3
Suit 1
E K D kn 7 2
Suit 2
6
Suit 3
kn 8 7 4
Suit 4
5 2
Symbol 16
Suit 1
10
Suit 2
kn 9
Suit 3
E K 10 9 5 3 2
Suit 4
K 8 6
Suit 1
5
Suit 2
E D 10 8 7 4 2
Suit 3
D 6
Suit 4
E 10 7
Vest
Nord
Øst
Syd
Moran
Schnelwar
Carroll
Grossack
1 sp
pass
2 ru
4 hj
5 ru
5 hj
6 ru
6 hj
dbl
pass
pass
pass

Vest tok eit sparstikk, men meir greidde ikkje forsvaret å få! Eg trur nok ikkje Grossack hadde førestilt seg å notere 1210 inn då han melde 6 hjarter.

Eg synest ikkje amerikanarane på det andre bordet imponerte på dette spelet, då Vincent Demuy i vest opna med 3 spar – ei nokså spesiell melding. No gjekk det to passar til sør, som melde 4 hjarter og fekk spela der. Som vi ser står det 5 ruter aust–vest med mindre sør greier å underspela hjarter ess i utspel, men 480 nord–sør gav likevel 12 IMP til lag Schnelwar på vegen mot tevlingssiger.

Av Erlend Skjetne