Vendepunkt

Finalen i open klasse i hovudtevlinga i World Bridge Games i Buenos Aires vart spesiell. Etter å ha vunne dei to fyrste setta 40–22 og 48–1 leia Italia med 55 IMP, og eg må innrømme at eg no hadde mist trua på polakkane. Men så klaska dei til med 62–0 i tredje sett!

Plutseleg var det Polen som leia, og kanskje vart italienarane rett og slett så fortumla av dette mageplasket at dei aldri heilt greidde å samle seg att. Dei tapte 56–16 i det fjerde settet, og var no plutseleg 47 IMP bak med to sett att.

Dei to siste setta vart flatare, men Italia fekk ingen verkeleg schwung på sakene, og tapte til slutt 207–156. Eg vil ikkje seia at italienarane spela så frykteleg dårleg utover i kampen, men draget snudde fullstendig, og alt gjekk liksom berre Polens veg.

Denne vekas spel kom midtvegs i det tredje settet, og var vel eigentleg den stunda då det vart tydeleg at Polen kunne snu kampen.

Suit 1
K 10 9 7 5 2
Suit 2
E 5
Suit 3
E 10 7 6
Suit 4
7
Suit 1
kn 4
Suit 2
D 10 8 4
Suit 3
kn 8
Suit 4
E D kn 9 8
Symbol 1
Suit 1
8 3
Suit 2
3 2
Suit 3
D 9 2
Suit 4
10 6 5 4 3 2
Suit 1
E D 6
Suit 2
K kn 9 7 6
Suit 3
K 5 4 3
Suit 4
K
Vest
Nord
Øst
Syd
Donati
Janiszewski
Percario
Strzemecki
1 gr
pass
2 hj1)
pass
2 sp
pass
4 kl2)
pass
4 ru3)
pass
4 hj3)
pass
4 gr4)
pass
5 ru5)
pass
6 sp
pass
pass
pass

1) Overføring

2) Kortfarge

3) Kontrollmelding

4) Blackwood

5) Null eller tre ess

 

Merk Wojciech Strzemeckis grandopning. Ho skulle bli avgjerande her. På det andre bordet opna italienske Andrea Manno i 1 hjarter, nord svara 1 spar, og same slem vart spela nordfrå. Aust var inne i meldingsforlaupet med ei utspelsdobling av ei kunstig kløvermelding, slik at forsvaret straks fekk henta kløver ess. Slemmen er likevel ikkje dårleg, ein treng at hjarteren ordnar seg for to ruteravkast (eller at ruteren sit særs gunstig). Men med all hjarteren bak var kontrakten daud – ei beit.

1 grand er vel ikkje alle sin kopp te, men 5–4 i raudt med denne styrken er ei ekkel hand å melde på anna vis, og eg har sansen for opninga. Ein singel minorkonge er heller ingen dum verdi på det som ofte blir den skjulte handa.

No var det vest som hadde utspelet, og Giovanni Donati greidde ikkje å spela kløver ess ut, han gjekk for spar knekt. Dimed hadde Strzemecki fått den hjelpa han trong: No var det ikkje lenger naudsynt å kaste to ruter på hjarteren, det ville halde å kaste éin kløver på hjarteren og så godspela ruteren.

Speleføringa var ikkje komplisert for ein polsk landslagsspelar, det handla berre om å ikkje øydeleggje kommunikasjonen til både å få godstole og henta hjarteren. Strzemecki sleppte utspelet til handa og spela straks ess, konge i hjarter og hjarter til høg steling, deretter spar til handa og ny hjarter til steling, før ruter til kongen gav høve til å hente hjarterkvisten og kaste kløveren. Sparen 3–1 hadde heller ikkje vore noko problem.

980 gav 14 IMP til Polen.

Av Erlend Skjetne