På det andre bordet stoppa serbarane i 3 spar, som vart vunne akkurat, så det stod ein del på spel her.
Opninga av spelet var identisk på begge bord; kløver konge ut til esset, spar mot bordet, omgåande stukken i vest, etterfylgd av ruterskift til esset og trumfuttak i to rundar. No trur eg dei fleste ville ha gjort som serbaren på det andre bordet, nemleg å dra tre rundar hjarter for å kaste rutertaparen. Skulle kløverutspelet deretter vise seg å vere frå konge, dame, vil det bli heile elleve stikk i kontrakten. Men då aust hadde utstyrt seg med både dame, ti og åtte bak bordet sin kløver, og ingenting hyggeleg skjedde i hjarter, måtte det bli tre kløvertaparar og berre ni stikk i 3 spar.
Kalita tenkte lengre. Det at vest ikkje spelar kløver inne på spar ess, tyder sterkt på at utspelet var ein singelton. Finst det ein vinstsjanse dersom kløveren sit maks uheldig, og hjarteren heller ikkje byd på fire kjappe stikk?
Det er iallfall ingen hast med å spela korkje hjarter eller kløver dersom vest har kløver dame, for då står utgangen uansett. Faktum er at aust, med «alt» i dei runde fargane, er eit særs eigna offer for ein skvis. Men då kan ikkje kommunikasjonen drepast ved å dundre i veg i hjarter eller kløver inne på ruter ess.
Situasjonen er altså fylgjande:
Kalita spela no ruteren sin, taparen som kunne ha vore kasta på hjarter! Vest kom inn og skifta hjarter til dama, og Kalita tok ein trumfrunde. Aust, med berre hjarter og kløver att, måtte kvitte seg med kløver åtte for å halde hjartaren.
Kalita tok også den siste trumfen, med avkast av den siste kløveren på bordet, og aust fekk valet mellom pest og kolera. Hadde han kasta kløver ti, er eg ganske sikker på at Kalita no ville ha lese sitsen og spela han inn på kløver dame for å få hjarter opp i saks.
Då aust i praksis kasta ein hjarter, var det berre å toppe denne fargen og hente det tiande stikket på hjarter ti. 620 og 10 IMP til Zimmermann.
Av Erlend Skjetne
1) Invitt