Vest byrjar med hjarter knekt. Kva tenkjer du om dette spelet?
Trumfen er ikkje god, og doblinga tyder sterkt på at vest har utstyrt seg med feit spar bak. Skulle han ha alle fem sparane, er det vanskeleg å sjå nokon heimgang her, så sør samla kreftene sine om å finne ein veg med fire sparar i vest.
Sør toler tre spartaparar dersom han ikkje får andre taparar, og i utgangspunktet har han ikkje andre taparar, sidan ein hjarter kan stelast i bordet og ein kløver kastast på ruteren. Men bruken av ein trumf i bordet til hjarterstelinga aukar klårt risikoen for at vest sine fire trumfar kan bli fire stikk.
For å freista få litt klårleik, fann sør ut at han like gjerne kunne stikke med hjarter konge – aust fylgde med toaren – og dra spar ti. Vest kan ikkje halde fram i trumf utan å ofre eit av sparstikka sine, så det er ingen overhengande fare for at hjarterstelinga i bordet forsvinn.
Aktuelt gjekk spar ti til sjuaren i aust, liten og knekten i vest. Derifrå kom kløver sju i skift. Tankar?
Sør vurderte å la kløveren gå. Fanst det nokon annan sjanse no enn at vest hadde spela frå kløver konge?
Vel, det såg veldig ut som at aust hadde kløver konge. Noko meir enn hjarter dame måtte han nesten ha for opninga si, og så la han liten hjarter i fyrste stikk, og det er fornuftig å bruke det som eit lavinthalsignal når ein altså ikkje kunne stikke kongen i bordet. Ikkje minst vreid vest til kløver sju, og paret brukte invitt i spelet, så frå kongen ville han fort ha spela ein mindre ein.
Sør såg ein sjanse for å vinne kontrakten også med kløver konge i aust, nemleg at vest var fødd med fire ruter, slik at kløveren kunne kastast i tide. Han stakk difor med kløver ess, og byrja på ruteren.
Slik såg heile spelet ut:
Det var deilig å sjå aust kaste ein hjarter på den tredje ruterrunden! Det var sjølvsagt essensielt å ha plukka bort trumfen hans før ruteren vart spela.
No fekk sør kvitta seg med kløver dame, og kunne etterpå spela hjarter ess og hjarter til steling. Alt var i boks – vest kunne berre få for spar ess og dame, og sør kunne bokføre 790 feite.
Merk at sør ikkje må stela hjarter før han har teke ein trumfrunde, fordi vest då får høve til å kvitte seg med ein ruter før speleførar har henta dei fire stikka sine der.
Det må kløver ut for å beite kontrakten.
Av Erlend Skjetne
1) Svake 2
2) God løft i spar