Kva ville du ha meldt over 1 spar med sør si hand? Du har eit honnørpoeng for lite for 1 grand, og makkeren din har passa i opning, så 1 grand er hardt. Det gode med handa er at du har ein grei fluktveg dersom du blir dobla, noko som i grunnen gjer innmeldinga mindre risikabel enn 1 grand tufta på 15–16 flate poeng utan innmat.
Mot 3 grand byrjar vest med spar ni, som må tolkast som toppen av dei tre sparane vest har synt i meldingsforlaupet. På liten frå bordet legg aust dama. Korleis planlegg du spelet?
Det er ikkje eit vanskeleg spel, du må berre stoppe opp i ein augneblink. Med utspelet har du to sparstikk, og du tel fire ruterstikk og to kløverstikk. Du treng altså eit hjarterstikk i tillegg. Med andre ord må du innom to raude ess, men motparten har kome i gang med sparen. Om du stikk fyrste spar og spelar ruter konge, vil ein av motspelarane stikke og spela ny spar, som blir dukka av aust, og du har ingen sjanse til å få fatt i eit hjarterstikk før motparten har teke beita i spar.
Van de Paverd gjorde det som alle toppspelarar nok bør greie, nemleg å lasjere spar dame. Ny spar vann han med knekten. Ruter konge tvinga ut aust sitt inntak, og deretter kunne eit hjarterstikk komfortabelt etablerast for 600 på bok.
Det skal seiast at van de Paverd på sett og vis «gjetta» rett: Om det er hjarter ess i staden for ruter ess aust har, må det spelast hjarter før ruter. Men ettersom bordet er inntaksfattig, må det i så fall bli hjarter til dama, og så kan det oppstå komplikasjonar dersom aust stikk og kontrar med ny hjarter. Ruter verkar altså som den naturlege hesten å satse på.
Nicolai Heiberg-Evenstad kunne ha gjort livet vanskelegare for speleførar ved å vri til kløver i andre stikk. Då er sør plutseleg i den situasjonen at han må spela hjarter før ruter, ettersom det er vest sitt inntak til kløveren som må bort fort som svint. Men det var eit svært vanskeleg motspel å finne.
Dette spelet var ikkje det stoltaste kapitlet på det andre bordet. Artur Malinowski melde inn 2 ruter over 1 spar, vest sa 2 spar og Espen Erichsen dobla responsivt. No sa Malinowski 3 hjarter på kongen tredje, eit litt spesielt val.
Erichsen kunne kanskje no ha teke med seg 3 spar for å undersøkje om 3 grand var eit alternativ, men han trudde sikkert ikkje at makker kunne ha såpass til sparhald som han aktuelt hadde. Då Erichsen i staden sa 4 ruter, vart Malinowski spelande der. Den kontrakten gjekk ei beit, for 12 livsviktige IMP til lag Knottenbelt.
Av Erlend Skjetne