AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Heilt på kanten
I serien om dårlege doblingar tek vi med fylgjande frå ein krinskamp i Trondheim, der aust vart hardt straffa for å vera grådig.  
 
 
E kn 8 4
K
K 7
E K kn 10 7 5
 
9
E kn 9 7 2
E kn 10
9 8 6 4
10 6 5 3 2
6 5
D 8 4 3
D 2
 
K D 7
D 10 8 4 3
9 6 5 2
3
 
 
VestNordØstSyd
passpass
1 hjdblpass1 sp
pass4 spdblpass
passpass

 
Sør var i ettertid ikkje spesielt stolt av meldinga 1 spar. Med berre trekorts og så godt hjarterhald må det vera betre å melde 1 grand. Det vart gjort på det andre bordet, og då sa nord 3 grand. Den kontrakten ser ut til å vera i fare med ruter ut, med mindre sør er synsk og toppar kløveren. Men ruteren er blokkert, så grandutgangen står likevel.
 
4 spar er derimot ein svært tvilsam utgang, og sør hadde truleg gått beit der – om ikkje aust hadde dobla, som må seiast å vera ei spekulativ avgjerd.
 
Vest byrja med den nest minste kløveren sin, vunnen av esset. Sør var usikker på korleis spelet burde gripast an, men bad i neste stikk om hjarter konge, som gjekk til esset. Kontrakten står alltid med presis kortføring, men vest gjorde det kanskje ikkje maksimalt vanskeleg for sør då han no skifte ruter ess og ruter.
 
Deretter kom poenget i spelet, då sør bad om spar knekt frå bordet – for så å skifte fot. Det verka openbert at aust måtte ha byrja med fem spar for doblinga, så å spela meir trumf måtte vera nyttelaust, og det ville då òg ha vore dauden slik det sat. Sør heldt i staden fram med kløver konge, og då dama ramla, byrja det verkeleg lysne.
 
No var det berre å køyre på med fleire høge kløver. Aust stal, men sør stal over, casha hjarter dame og spela ruter – naturlegvis ikkje hjarter – til steling. Stakkars aust kunne ikkje stela over, heller ikkje då det kom nok ein høg kløver til steling og oversteling, og ein siste ruter til spar åtte i bordet. Det var det niande stikket, og spar ess var naturleg nok òg ein vinnar. 790 på bok! Og 5 IMP mot dei meir normale 600 på det andre bordet.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger