AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ikkje akkurat sytten stikk
Denne vekas spel er ein spennande slem frå NM monrad par på Lillehammer, der god teknikk betalte seg. Du kan få spekulere litt på korleis du sjølv ville ha ført korta.  
 
 
10 2
E 10 8 5 3
10
E kn 9 4 3
 
 
E K 9 8 7 4
K D kn
E kn 7
D
 
 
VestNordØstSyd
1 sp
pass1 grpass2 gr1)
pass3 ru2)pass3 hj3)
pass4 kl4)pass4 gr5)
pass5 hj6)pass7 hj
passpasspass
1) Utgangskrav
2) Minst femkorts hjarter
3) Set hjarter som trumf
4) Kontrollmelding
5) Blackwood
6) To ess

 
Det kan finnast mange måtar å melde på her. Det viktige er å ha eit godt system etter innleiinga 1 major–1 grand, elles kan det til dømes bli vanskeleg å finne hjarteren. Det var ikkje så mange som melde storeslem, men 7 hjarter er ein temmeleg bra kontrakt. Med liten trumf ut frå vest, som aust fylgjer lågt på, korleis planlegg du spelet?
 
Det verkar tilforlateleg å sleppe utspelet til handa og dra kløver dame. La oss seia at vest legg lågt. No må du sjølvsagt stikke, det vil vera dumt å ta ein finesse du kan greie deg godt utan. Neste trekk blir kløver til steling.
 
Kontrakten er no enkelt heime med sparen 3–2, sjølv om hjarteren skulle sitja 4–1. Trumfen kan takast ut, sparen godspelast med ei steling, og tre småsparar hentast med inngang på ruter ess, til avkast av tre kløver. Er det noko du overser?
 
Om ein motspelar sit på dame, knekt fjerde i spar, er ikkje utsiktene særleg gode. Derimot kan du takle 4–1-sits i spar om ein honnør sit singel. Etter kløverstelinga bør du leggje ned ein sparhonnør.
 
Aktuelt fylgjer vest med knekten. Denne kan jo vera frå dame, knekt dobbel, og ein god motspelar kan vera åndsnærverande nok til å «falsecarde» spar knekt frå dame, knekt tredje. Men fylgjer ein teorien om begrensa val, er det mest sannsynleg at spar knekt er ein singelton.
 
No må du vera vaken, og avblokkere spar ti i bordet. Så spelar du den siste hjarterhonnøren din. Planen er å stikke over denne, fordi 4–1-sits i spar no verkar meir sannsynleg enn 4–1-sits i hjarter. Idet vest fylgjer med hjarter ni, er ikkje dette lenger eit tema; det er heilt trygt å stikke hjarteren.
 
Så fylgjer også hjarter ti, som tek ut den tredje og siste hjarteren i aust, og endeleg kan ein spar trekkjast til niaren. Så spar konge med kløveravkast, spar til steling og ruter til esset, og to godspela spar gjev avkast av dei to siste kløverane.
 
Heile spelet:

 
10 2
E 10 8 5 3
10
E kn 9 4 3
 
kn
9 4
D 8 5 4 3
K 10 8 7 2
D 6 5 3
7 6 2
K 9 6 2
6 5
 
E K 9 8 7 4
K D kn
E kn 7
D
 

 
Om vest dekkjer kløveren, er det mogleg å basere seg på å stela god denne sorten i staden. Det går jo ikkje slik det sit, men sør kan likevel greie seg ved tidsnok å cashe ein sparhonnør med avblokkering av tiaren, og etterpå ta finessen på spar ni, ettersom det held med eitt ekstra sparstikk når ein får stikk for kløver knekt og får stole to kløver på handa.
 
Men slik spelet vart skissert over, var det avgjerande at sør ikkje spela den siste hjarterhonnøren sin straks etter kløverstelinga. For då må han etterpå ta spar ess og avblokkere tiaren, og så bruke ruter ess og ruter til steling for å entre bordet for å få plukka ut trumfen og få teke finessen på spar ni. Men dette fungerer jo ikkje, for no finst det ikkje lenger kommunikasjon til å hente godspela spar til slutt.
 
Berre eitt par i heile salen melde og vann 7 hjarter, det var Tolle Stabell–Nils Kåre Kvangraven. Dei kom på 4. plass samanlagt i tevlinga. Hakket framfor dei kom Jim Høyland–Trond Hantveit, som på dette spelet noterte udelt nesttopp for 6 hjarter med tretten stikk. Sylvmedaljørane Bjørn Olav Ekren–Kjell Gaute Fyrun fekk god pluss på å hente beit i 7 hjarter, medan vinnarparet Christian Bakke–Tor Eivind Grude noterte solid minus på å sitja imot 6 hjarter med tolv.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger