Som kjent er Norge representert i VM også ved Geir Olav Tislevoll, som spelar for New Zealand. Dei har fått ein treig start og ligg på 22. plass etter tre kampar.
Diverre spela ikkje Geo då New Zealand var i rama i kamp nr. 2, mot Sverige. Men vi som gløtta på den kampen fekk likevel mykje god underhaldning, ikkje minst levert av Söta bror. I dette spelet fekk unge Simon Hult god hjelp, men det forringar ikkje ei snasen speleføring.
| K 8 9 6 2 E K 2 E 9 8 5 2 | |
E kn 10 6 3 2 D 8 4 3 - K kn 3 | | 7 5 K D kn 10 9 4 3 10 7 6 4 |
| D 9 4 E kn 10 7 5 8 7 6 5 D | |
|
Vest | Nord | Øst | Syd |
Brown | Ekenberg | Whibley | Hult |
| | | pass |
1 sp | dbl | 2 kl1) | 3 hj |
pass | 4 hj | pass | pass |
pass | | | |
1) Ruter
Michael Whibley byrja med ein liten trumf. Allereie kan sør ane mykje om sitsen: At vest spelar trumf ut heller enn makkerens farge, tyder sterkt på at han er renons i ruter. Sparen er truleg fordelt 6–2, sidan aust melde ruter heller enn å støtte sparen. I og med at aust har synt fram 6 raude honnørpoeng, må vest nesten ha resten. Men ville han ha spela trumf ut frå dama tridje? Nei, det er faktisk veldig truleg at vests fordeling er 6–4–0–3.
Hult såg at det kunne vera viktig å få spela ruter mot bordet to gonger, så han drog ein ruter i andre stikk. som venta kasta vest ein spar. no er det naudsynt å få til ein variant med ei slags trumfkorting om dette skal kunne bli ti stikk, så Hult heldt fram med kløver ess og kløver til steling. No fylgde ein spar til kongen, og ein ny kløver til høg steling. Det kan verke råflott, men skulle syne seg avgjerande for å skapa den situasjonen Hult ville ha.
| 8 9 6 E 2 9 8 | |
E kn 10 6 D 8 4 - - | | 5 - D kn 10 9 4 10 |
| D 9 kn 7 8 7 6 - | |
Idet Hult no spelar ein ny ruter, må vest stela og spela trumf dame og trumf. Det burde strengt teke ikkje vore så vanskeleg å få til, men vest var sløv og kasta endå ein spar.
Etter ruter ess spela Hult kløver til ny høg steling. Vest stal over og spela trumf, til det som no var ein finesse over åttaren. Men om Hult slepper denne til sjuaren, er han på feil hand. Han stakk difor med niaren i bordet, sjølv om han visste at det ville forære vest eit stikk på hjarter åtte. Men hjå blindemann kunne han nyte den høge kløver ni.
Om vest kastar spar, blir han spela inn i trumf i neste stikk. Han stal og tok for spar ess, men så måtte han gje sør for spar dame, og hjarter seks i nord var det tiande stikket.
Same harde kontrakt gjekk ei beit på det andre bordet, og i heile Bermuda Bowl var det ingen andre som vann ti stikk i hjarter på desse korta.
Av Erlend Skjetne