AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Norsk briljans
I Noregs kamp mot Island i open klasse i EM fekk Boye Brogeland til ei særs pen speleføring.   

 
-
kn 7 4 2
D 10 7 4
K kn 7 6 5
 
E kn 5 3
E 10 8 6 3
5 2
9 8
10 7 6 4 2
D
K kn 3
10 4 3 2
 
K D 9 8
K 9 5
E 9 8 6
E D
 
 
VestNordØstSyd
HaraldssonBakkeMagnussonBrogeland
pass1 ru
1 hj3 kl1)pass3 gr
passpasspass
1) 6-9, minst firekorts ruter


Vest byrja med spar tre, invitt, og allereie i fyrste stikk har speleførar eit problem med avkastet i bordet. Brogeland fortel sjølv at han vurderte å kaste ein ruter og leggje ned hjarter konge i andre stikk, som fungerer godt med dama, tiaren eller åttaren singel i aust – men med ein liten singelton blir det langt mindre hyggeleg. Å kaste ruter i bordet kan gjera kommunikasjonen i den fargen vanskeleg, så Brogeland fall ned på å kaste ein kløver. Det ser kanskje ikkje så smart ut, men som han sjølv seier: I lagkamp er det ni stikk som fyrst og fremst er målet.
 
Aust la spar ti og Brogeland kongen, og i neste stikk gjekk ruter ni til dama. Med jamn rutersits og kongen i vest ser jo dette svært lovande ut. Men diverre stakk aust med ruter konge for å returnere spar.
 
Vest tok to stikk til der og spela den siste sparen sin. På desse tre sparrundane måtte Brogeland gjera tre avkast i bordet, og gjorde det beste han kunne ved å gå ned på singel hjarter knekt.
 
No fylgde ess, dame i kløver. Sit fargen 3–3, har Brogeland ein sikker ruterfinesse over aust for ni stikk, ettersom vest då – i tillegg til fire spar, fem hjarter og tre kløver – må vera fødd med singel ruter. Problemet er at om ein stikk over andre kløver, tek kløver knekt og oppdagar at fargen ikkje sit rundt, er beit bortimot uunngåeleg (fienden har allereie fått tre stikk, og har hjarter ess på lur, så dei kan ikkje få eit ekstra stikk nokon stad).
 
Brogeland merka seg niaren og åttaren i kløver frå vest. Den enkle varianten hadde no vore å satse hardt på at vest byrja med knekten dobbel i ruter, men det hadde ikkje fungert. Brogeland stakk heller over kløver dame med kongen, og var framme i fylgjande situasjon:

 
-
kn
10 7 4
kn 7
 
-
E 10 8 6 3
2
-
7
D
kn 3
10 4
 
-
K 9 5
E 8 6
-
 


Brogeland drog ruter ti frå bordet, som han la åttaren under. Så spela han ruter til esset og ruter seks til sjuaren. Aust måtte i dette stikket kaste den trettande sparen.
 
Endeleg kom hjarter knekt til dama og lasj i sør, som gav vest eit uløyseleg dilemma: Stikk han over makkers dame, må han sjølv avslutte opp i konge, ni, men legg han i staden liten, er makkeren innspela og må spela kløver opp i knekt, sju!
 
Det er berre å ta av seg hatten for ei framifrå speleføring. På det andre bordet, i same kontrakt med same utspel, gjekk sør to beit. 13 IMP den rette vegen bidrog til at Noreg vann kampen 46–16 i IMP, 16,73–3,27 i VP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger