AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Eventyrleg Helgemo
Noreg fekk ein særs god start i EM for nasjonslag, med 14,39 og 14,80 VP i dei to fyrste kampane, mot høvesvis Danmark og Sveits, to gode motstandarar. I lag med regjerande europameistrar Nederland er regjerande verdsmeistrar Sveits naturleg nok blant favorittane til å vinne tevlinga, så innbyrdes siger mot dei kan vise seg å bli viktig.  
 
Vi skal sjå på det største gevinstspelet i kampen mot Sveits – her spela Geir Helgemo fullstendig skjorta av dei polske sveitsarane eller sveitsiske polakkane Kalita–Klukowski.   

 
E kn 10 9
D 10 8 4
10 9 3
K 10
 
D 8 6 5 2
E 7
D 7 4 2
D 8
K 3
kn 9 6 5
E kn 6
7 4 3 2
 
7 4
K 3 2
K 8 5
E kn 9 6 5
 
 
VestNordØstSyd
KalitaGrudeKlukowskiHelgemo
1 kl
1 spdblpass1 gr
pass3 grpasspass
pass


Friskt meldt av Grude! Eg forstår sjarmen i denne feite sparen bak innmeldaren, men det spørst om det likevel er litt for lite stikkpotensial i Grudes kort til at hopp til utgang er å tilrå. Men – eg skal ikkje krangle på ein suksess.
 
Aktuelt hadde nord–sør 21 honnørpoeng til saman, og då det gode utspelet av ruter to gjekk til tiaren, knekten og kongen, må Helgemo ha sett temmeleg mørkt på utsiktene: Motparten har tilsynelatande etablert tre ruterstikk, og hjarter ess må dei vel nesten få for, så det tyder at sør ikkje har råd til å miste eit einaste stikk på si.
 
Eg trur alle vi andre ville ha gjort eit eller anna feilval og enda opp med å gå beit her. Ein hjarter til tiaren, til dømes – kanskje den står?
 
Helgemo spela hjarter til … dama! Deretter kløver konge og kløver ti til … esset! Og til slutt, etter alle dei fem kløverstikka, krona på verket då han drog ein liten hjarter unna kongen, som Jacek Kalita pent måtte fylgje med esset på. Fem kløverstikk, to hjarterstikk, ruter konge og spar ess blir akkurat ni – 600 usedvanleg feite.  
 
Speleføringa kan verke ekstrem, og eg vonar at eg kan få eit høve til å høyre Helgemos resonnement. Men kanskje tenkte han om lag slik: Vest har meldt inn 1 spar i sona, men altså ikkje spela spar ut, noko som kan tyde på at han ikkje har konge, dame femte, men ein dårlegare sparfarge. Dimed er han favoritt til å ha diverse uteverande honnørpoeng, mellom anna hjarter ess.

Hjarterfargen er likevel ikkje den viktige her – å få tre stikk der hjelper lite; det er kløveren som må ordne seg om det skal kunne bli heimgang. Når så hjarter dame stod, var det plutseleg sannsynleg at vest kunne ha byrja med fordelinga 5–2–4–2 (utspelet indikerte firekorts ruter), og tilsvarande usannsynleg at kløveren skulle sitja 3–3 med dama i kapp. Har aust dama fjerde i kløver, hjelper det ikkje å ta ein finesse, han har framleis hald (og sør har framleis ikkje råd til å gje bort stikk til denne dama).

Altså må det spelast på kløver dame dobbel! Når så alt dette var gjort, og det med hell, var vest bortimot markert med hjarter ess dobbel frå start. Det å spela liten hjarter frå handa til slutt, var i alle høve einaste sjanse, og den lykkast.
 
Eit utruleg flott spel! Sjeldan er ein vel som speleførar sikrare på å notere ein utgangssving inn enn det Helgemo var her. På det andre bordet gjekk Brink–Drijver ei beit i 2 grand, og ingen andre speleførarar i heile salen fekk ni stikk i grandkontrakt. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger