AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Slemsving
I Noregs kamp mot Tyskland i EM dukka det opp eit interessant speleføringsproblem. Du kan få det som ei prøve:   

 
E 6 5 2
E 8 5
kn 3 2
9 7 3
 
 
K D 9 3
K D kn
-
E D kn 10 8 2
 
 
VestNordØstSyd
BrogelandHopfenheitBakkeReim
pass1 kl1)
pass2 ru2)pass3 sp
pass3 grpass4 sp
pas6 sppasspass
pass
1) 16+, alle fordelingar
2) 8–10 balanserte


Nord–sør spela presisjon. Eg kjenner ikkje den eksakte tydinga av 3 spar, 3 grand og 4 spar, men iallfall melde nord slem. 6 kløver er best i lag, men også 6 spar er ein temmeleg god slem, som rett nok vil vera i trøbbel med trumfen 4–1, men som ofte vil gå i hus med bein trumfsits.
 
Vel, sant å seia er det nokre fleire komplikasjonar her, iallfall idet Boye Brogeland i vest byrjar med ruter ess ut, som du må stela. Korleis planlegg du speleføringa?
 
Problemet er at dersom du tek ut trumfen, vil motparten kunne forsyne seg med eit par ruterstikk om dei kjem inn på kløver konge. Bør du heller gje bort stikk til kløver konge fyrst? Jo, kanskje, men om motparten kjem inn i kløver og framleis har trumf att, risikerer du at dei hentar beita med ei kløversteling. Kan du på nokon måte få snirkla deg rundt båe desse farane?
 
Den tyske sør spela ganske enkelt tre rundar spar – trumfen sat jamt – og drog kløver ni. Resultatet vart to nitriste beit. 
 
Heile spelet:

 
E 6 5 2
E 8 5
kn 3 2
9 7 3
 
kn 7
7 2
E K D 10 9 7 5
K 6
10 8 4
10 9 6 4 3
8 6
5 4
 
K D 9 3
K D kn
-
E D kn 10 8 2
 


Eg er ingen stor teoretikar, og ein skal generelt vakte seg for å vera etterpåklok, men eg tviler på at sørs speleføring er korrekt.
 
Eg vil føreslå fylgjande: I stikk to og tre fylgjer spar konge og dame, deretter hjarter til esset i bordet og kløver til dama. Står denne, spelar ein spar til esset og ny kløver til kutt, og gjev vest ein stor applaus dersom han låg unna kløver dame frå kongen dobbel. Om han ikkje har gjort det, står kontrakten.
 
Skulle vest vinne den fyrste kløverrunden med kongen og spela ny ruter, må sør stela med den siste trumfen sin og spela kløver til niaren for å få plukka av motparten den siste trumfen deira med spar ess. Kontrakten står då om kløveren sat 2–2, eller om spelaren som byrja med singel kløver, òg hadde dobbel spar. 
 
Kva plan gjekk du for?
 
Merk til slutt Brogelands noko spesielle taktiske val, å passe over 1 kløver. Han hadde venteleg tenkt å melde seinare, eventuelt cashe tre raske beiter mot ein potensiell 3 grand, men slik gjekk det altså ikkje. Motparten fekk i staden plass til å finne ein god og fullt spelbar soneslem, som Helgemo–Grude på det andre bordet ikkje fann, då Roy Welland – også dette ein smule spesielt – gjekk inn med 1 grand over 1 naturleg kløver.
 
Denne gongen landa nordmennene likevel på beina og kunne notere 13 IMP inn, i ein kamp dei til slutt vann 26–22. 

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger